Ny pensumbok frå Asbjørn Simonnes

Tekst: Webmaster Volda

- Mange lærarar og foreldre er redde for at påverkinga frå media skal gjere skulen og heimane si rolle svakare i opplæringa av born og unge.
”Skole og media” tek føre seg dei tankar og kjensler som ligg bak reaksjonen frå både skule og heimen ovanfor media.

Mellommenneskeleg kommunikasjon
- Vi oppfattar nok dette som at media meir representerer nye moglegheiter for opplæring og oppdraging enn eit problem.
- Utfordringa er at dersom desse moglegheitene skal verte utnytta må det skje ei systematisk undervisninga om mellommenneskeleg kommunikasjon både for lærarar og foreldre, påpeikar forfattarane.

Simonnes og Gjelsten foreslår at vi må endre undervisninga om media til å verte ei undervising om mellommenneskeleg kommunikasjon.
Boka legg fram ei rekke grunnar til ei slik tilnærming i fag som omhandlar kommunikasjon.
- Kjernen i denne tilnærminga er at alle former for mellommenneskeleg kommunikasjon, ansikt til ansikt, eller via tekniske hjelpemidlar, er å skape og halde ved like trygge, sosiale fellesskap på alle nivå, forklarar dei.

Cskoleogmedia525

Dei nye media
Simonnes og Gjelsten kom i 1997 ut med boka ”Å vekse opp i eit mediesamfunn.”
- Denne boka har vore mykje brukt i skulen, og tok også opp kva pedagogikken kan gjere for å skape identitet og toleranse i oppsedinga.
- No har vi i enno sterkare grad teke med dei nye media som unge har vorte vane med å nytte.

”Skole og media” tek føre seg den nye profilen i underhaldningsindustrien, og tilgangen born og unge har til elektroniske media – spesielt i heimane. Born og unge vert stilt over for aktive verdival sjølve, spesielt i møte med reklame og underhaldning.

Askoleogmedia525

Foreldre og lærarar i eit digitalt samfunn
For at foreldre og lærarar skal kunne rettleie i bruk av media, og forklare dei inntrykk og verdiar som born og unge får gjennom media,tek boka føre seg fleire forhold rundt kontakten mellom vaksne og barn. Frå korleis vaksne skal takle barna sin bruk av digitale media, til korleis skulen skal lære barna å reflektere over det media serverer dei, både gjennom datamaskinen, spel og fjernsyn.
Boka har godt talmateriale over mediebruk og forholdet mellom foreldre, skule og barna.Noko av dette materialet bygg på eitavslutta 4-årig forskingsprosjekt om barn og media, plassert i Forskingsrådet, og som Simonnes var prosjektleiar for. I tillegg har bokainternettadresser til nettsider om lærarrolla og ressursar til oppdatert litteratur om media og kommunikasjon.

Boka er primært lagt opp til studentar som skal verte lærarar i grunn- og vidaregåande skular, og for lærarar i etter- og vidareutdanning. Men boka er like viktig for foreldre og andre som har interesse for emnet.

Les meir på Fagbokforlaget.no

Bskoleogmedia525

Del på