Ny lærebok om grunnleggjande lese-, skrive- og matematikkopplæring

Tekst: Webmaster Volda

- GLSM er ein fleirfagleg disiplin der samanhengen mellom metodar og tenkemåtar i lese-, skrive- og matematikkopplæringa er tydeleg vektlagt, fortel Vatne.

Artikkelsamlinga innbyr til utprøvande samtalar og faglege møtepunkt i den grunnleggjande lese-, skrive- og matematikkopplæringa.

Den raude tråden er skriftspråkopplæring, og mellom temaa som vert tekne opp er fleksibel skulestart, bruk av læreboktekstar, kartleggingsprøvene i leseferdigheit i 2. klasse, leik og læring, begynnartekstar som samansette tekstar. I tillegg begrepslæring og talforståing ein viktig del, saman med digitale læringsressursar og begynnaropplæring i matematikk og norsk for elevar som ikkje har norsk som morsmål.

- For å gjere det praksisnære perspektivet i boka tydeleg, gjer boka bruk av konkrete didaktiske situasjonar og elevtekstar, forklarar ho.

65699Redaktør for boka er Synnøve Skjong, førstelektor i norsk ved Høgskolen i Oslo. Bidragsytarane i boka har lang erfaring frå undervisning i norsk, pedagogikk og matematikk ved lærarutdanning og i grunnskole.


 

Del på