Nominert til innovasjonspris med HVO på laget
Ulstein kommune er nominert til Kommunal- og moderniseringsdepartementets nasjonale innovasjonspris for 2019. Kommunen «har vist heilskapleg innovasjonsarbeid som er framtidsretta, systematisk og treffer ulike behov». Sentralt er samarbeidet med Høgskulen i Volda om bruk av digitale verktøy og ressursar i undervisninga.
Teknologi i skulen
I søknaden om å bli nominert, la kommunen vekt på teknologisatsinga i skulen.
– Det er svært positivt at satsinga vår blir lagt merke til. Vi har arbeidd systematisk med innovasjon og nytenking i lang tid, med spesiell vekt på digitalisering for framtida, seier Gry Nordal, kommunalsjef for oppvekst og kultur.
Ulstein er den første kommunen i landet der alle elevane lærer å programmere. Kommunen og Høgskulen i Volda (HVO) har saman skapt Ulsteinmodellen, der alle lærarane i kommunen får vidareutdanning i bruk av digitale verktøy og ressursar i undervisninga. Møre og Romsdal fylkeskommune har gitt viktig støtte til teknologisatsinga. Organisasjonen Lær Kidsa Koding har elles vore ein viktig medspelar.
Les meir:
- Oppslag i Sunnmørsposten
- Lærarutdanningsmiljøet vert digitale spydspissar
- Korleis lære barn i skulen å kode