– Må utnytte det lokale handlingsrommet
Høgskulen har nyleg delteke på ei nasjonal samling for tilsette på universitet og høgskular samt representantar frå skuleeigar og fylkesmenn. Samlinga var retta mot samarbeid og erfaringsutveksling om desentralisert kompetanseutvikling i skulen (DeKomp).
– For at kvalitetsutviklingsarbeidet skal bli vellukka, må ein utnytte det lokale handlingsromet, sette av god tid til implementering, legge til rette for god kommunikasjon om mål og innhald i tiltaket og involvere lærarar og skuleleiarar i avgjerdsprosessane», seier Kari Leikanger Buset, fagleg koordinator for DeKomp ved Høgskulen i Volda.
I den nye strategien for desentralisert kompetanseutvikling slik den er presentert i Meld. St. 21 (2016-2017) Lærelyst – Tidlig innsats og kvalitet i skolen er det lagt stor vekt på at ansvaret for kvalitetsutvikling i skulen er plassert hos kommunen (skuleeigar). Målet er at alle skular, kommunar og fylkeskommunar, gjennom samarbeid med universitet og høgskular, skal ta ansvar for og ha handlingsrom til å drive kvalitetsutvikling lokalt. Det er lagt vekt på at den desentraliserte kompetanseutviklingsordninga skal bidra til at alle kommunar i samarbeid med universitet og høgskular sjølve definerer og prioriterer kva kompetanseutviklingstiltak dei treng.
Første dag av samlinga var leia av eit ekspertteam frå OECD. Råd frå Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) har lagt til grunn for desentralisert ordning for kompetanseutvikling i skulen. Dei fire forskarane har følgt policy-endringa som skjer i Norge med eit blikk utanfrå. Undervegs i samlinga var det stilt spørsmål ved tre sentrale utfordringar. Desse omhandla kommunikasjonsstrategi der implementering vert sett på som kunst meir enn som vitenskap, dei utfordra deltakarane på kva indikasjonar som kunne seie noko om kriteria for kvalitet og korleis ein kan vidareutvikle ordninga for å sikre at alle skular og kommunar dreg nytte av utviklingsarbeidet. Det vart også gitt tydelege råd.
For det første må satsinga vere langsiktige og ha klare mål. For det andre må skje rolleavklaringar og prioriteringar. Sist, men ikkje minst må tiltaka evaluerast og kvaliteten utviklast undervegs.
– Det er utfordrande å omsetje nasjonale intensjonar til handling i praksis, og ekspertpanelet frå OECD aktualiserer viktige perspektiv som vi vil ta med oss i vidare samarbeid, synest Leikanger Buset.