Lærarprofesjonalitet i møtet med ungdom som strevar

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

– Dette seminaret lyfta fram dagsaktuell forsking ved Høgskulen i Volda (HVO), og dei fire foredragshaldarane professor Irene Bele, førsteamanuensis Bente Hasle, stipendiat Emmy Elizabeth Langøy og førsteamanuensis Kjartan Leer- Salvesen har med ulike innfallsvinklar studert læraren og skulen si rolle i å hjelpe elevar som av ulike grunnar strevar litt ekstra med liva sine, seier førsteamanuensis Stine Ekornes ved Institutt for pedagogikk.

c0416ae72d333ddc16fa67faa9e6cb55

«Ung-seminaret PPU» er ei nyskaping, og deltakarane på seminaret i Volda er alle PPU-studentane ved HVO (heiltid, deltid 1. og 2. år).

– Ønsket er å setje søkjelys på det å vere ung i dag. Dei aller fleste av PPU-studentane våre jobbar no eller kjem til å jobbe med elevar i ungdomsskule og i vidaregåande skule. Å gje lærarar kunnskap om korleis dei kan fremje psykisk helse og avdekke mogleg vald og overgrep mot barn, er ein del av læringsutbytteskildringane i den nye rammeplanen for PPU, seier Ekornes.

Del på