Kompetanse for kvalitet – rekordmange tilbod
– «Kompetanse for kvalitet» er Utdanningsdirektoratet sitt program for vidareutdanning. I denne satsinga tilbyr Høgskulen i Volda no rekordmange studietilbod for barnehagelærarar, grunnskulelærarar og yrkesfaglærarar i vidaregåande skule, seier seniorrådgjevar Ole Frank Bakken. Søknadsfristen er 1. mars.
Seniorrådgjevar Ole Frank Bakken er EVU-koordinator ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning. Han kan opplyse om at Høgskulen i Volda (HVO) sine tilbod i «Kompetanse for kvalitet» er retta inn mot tre sentrale grupper: barnehagehagelærarar, grunnskulelærarar og yrkesfaglærarar i vidaregåande opplæring. I alt tilbyr HVO 16 studietilbod og 550 studieplassar i denne satsinga.
Vidareutdanningar for barnehagelærarar
I studieåret 2019-2020 tilbyr HVO i samarbeid med Utdanningsdirektoratet (UDIR) Naturfag og matematikk i barnehagen (bachelornivå) og Rettleiarutdanning for praksislærarar i barnehagen (masternivå). Studia er ein del av strategien «Kompetanse for fremtidens barnehage – strategi for kompetanse og rekruttering 2014–2020».
UDIR gir eit tilretteleggingstilskot på kr. 70 000,- til barnehageeigar pr. studieplass som skal dekkje vikar, reise, bøker og andre utgifter.
Vidareutdanningar for grunnskulelærarar
HVO tilbyr heile 12 studietilbod for grunnskulelærarar: Engelsk 1, 1.-7. årssteg, Engelsk 1, 5.-10. årssteg, Engelsk 2, 5.-10. årssteg, Kunst og handverk i framtidsskulen 1.-10. årssteg, Matematikk 1, 1.-7. årssteg, Matematikk 1, 5.-10. årssteg, Matematikk 2, 5.-10. årssteg, Norsk 2, 1.-7. årssteg, Nynorsk i opplæringa, 8.-13. årssteg, Programmering, 1. - 7. årssteg, Programmering, 5. - 10. årssteg og Spesialpedagogikk 1, 1. - 10. årssteg.
Programmering er eit nytt fag og ei strategisk satsing i lærarutdanningane i Volda.
– Programmering er eit nytt nettbasert studium på 15 studiepoeng. Tilbodet har vorte utvikla i samarbeid mellom DKL-miljøet på Avdeling for mediefag og Institutt for realfag ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning. Det syner at vi arbeider godt på tvers av avdelingane og samarbeider stadig om nye spanande prosjekt, seier Bakken.
Vidareutdanningar for yrkesfaglærarar
Høgskulen i Volda tilbyr skuleåret 2019-2020 to vidareutdanningar for yrkesfaglærarar: Læringsleiing for yrkesfaglærarar og profesjonsfagleg digital kompetanse for yrkesfaglærarar.
– Høgskulen har hatt lite etter- og vidareutdanning som har vore retta spesielt mot vidaregåande skule tidlegare. Det er gledeleg at vi får eit auka fokus på samarbeid med vidaregåande skule, seier Bakken.
Lærarar i grunnskulen eller VGS som søkjer KfK kan velje mellom eit direkte stipend på kr. 116 000,- (skattepliktig) pr. 30 stp., eller at arbeidsgjevar mottar vikarstøtte slik at lærar blir sett ned til 62,5% stilling (30 stp) i tida ein studerer.
Søknadsfrist 1. mars
– Høgskulen har no opna for søking til desse studietilboda, og søknadsfristen er 1. mars, avsluttar seniorrådgjevar Ole Frank Bakken.