Full utteljing på verdsbasis

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

091297579443dd9f17df5803966f2e3c

Gamlem, som er førsteamanuensis i pedagogikk ved Høgskulen i Volda, disputerte til doktorgrad i 2014 med tema «Tilbakemelding som støtte for læring». Doktorgradsavhandlinga inneheld tre artiklar som alle er publiserte i anerkjente internasjonale tidsskrift. Artiklane har fått merksemd internasjonalt og vorte blant «topp ti» leste for kvar av dei tre tidsskrifta, som alle ligg under det akademisk prestisjetunge forlaget Routledge.

Dei to første artiklane; «Mapping the quality of feedback to support students` learning in lower secondary classrooms» og «Student perceptions of classroom feedback», fekk ho publisert i høvesvis Cambridge Journal of Education og Assesment in Education: Principles, Policy & Practice. Dei har vorte plassert i mediebilde som «månadens artikkel for tidsskriftet», «årets mest leste artikkel for tidsskriftet» og «årets mest leste artikkel om utdanningsvitskap på tvers av alle tidsskrift i Routledge".

Løftar fram HVO

No har den siste artikkelen som handlar om lærarar si forståing om tilbakemelding også kome på lista av «topp ti» – altså den mest leste artikkelen for tidsskriftet Teacher Development for 2015. Artikkelen, som har namnet «Feedback to support learning: Changes in teachers` practice and belief», kan lesast gratis på tidsskriftet si nettside ut juli.

– Eg vart så glad når eg no fekk beskjeden om at også den siste artikkelen er så mykje lest. Dette er nok eit bevis på at Høgskulen i Volda produserer fagleg arbeid på høgt nivå. I ei tid der det har vore mange kritiske røyster mot mindre høgskular, er dette ekstra moro, seier Gamlem.

Aktuelt i samtida

Ho har hausta mykje ros for arbeidet sitt og er ei ettertrakta dame til foredrag og formidling i utdanningsmiljøet.

 – Ingen andre norske forskarar har fått tre artiklar i doktorgradsarbeidet på slike lister, det er jo berre heilt rått. Men igjen, dette er ei fjær i hatten for Høgskulen i Volda. Vi konkurrerer med professorar og doktorarar frå heile verda i slike kåringar, seier Gamlem.

Forsking på tilbakemeldingane elevar i ungdomsskulen får frå lærarar og medelevar har det tidlegare ikkje vore så mykje av. Det meiner Gamlem er ein del av nøkkelen til suksessen.

– Eg har treft eit tema som tydelegvis er interessant og ikkje minst aktuelt i samtida.

Gamlem sine tre artiklar for doktorgradsarbeidet:

Gamlem, S. M. (2015). Feedback to support learning: Changes in teachers' practice and belief. Teacher Development,19(4), s.461-482

Gamlem, S. M. & Munthe, E. (2014). Mapping the quality of feedback to support students' learning in lower secondary classrooms. Cambridge Journal of Education, 44(1), s.75-92.

Gamlem, S. M. & Smith, K. (2013). Student perceptions of classroom feedback. Assessment in Education: Principles, Policy & Practice, 20(2), s.150-169.

pressefoto

Siv Måseidvåg Gamlem

Del på