Førskulelærarrolla under lupa: Stort forskingsprosjekt til Høgskulen
Prosjektet har tittelen Meistring av førskulelærarrolla i eit arbeidfelt med lekmannspreg og er leia av professor Peder Haug. Andre prosjektmedarbeidarar frå HVO er Bente Vatne, Gerd Sylvi Steinnes og Liv Ingrid Håberg, som alle arbeider ved førskulelærarutdanninga. Prosjektet samarbeider tett med Senter for profesjonsstudier ved Høgskolen i Oslo.
Hovudmålet med prosjektet er å auke den forskingsbaserte kunnskapsstatusen på barnehageområdet. Prosjektmedarbeidarane vil gjennomføre ei landsomfattande spørjegransking på barnehagefeltet ut frå to overordna problemstillingar:
- Korleis forstår og meistrar førskulelærarane yrket sitt? Dette vil dels bli studert i lys av grunnutdanninga og kvalifiseringa til yrket, og del i lys av arbeidsdelinga med assistentane.
- Kva innhald og arbeidsmåtar finn vi i barnehagen?
Utgangspunktet for prosjektet er at kvalifisering til førskulelæraryrket skjer både gjennom livserfaring, gjennom førskulelærarutdanninga og gjennom arbeidet i barnehagen. For at førskulelærarane skal meistre yrket sitt, er det avgjerande at det er samanheng mellom utdanninga og dei utfordringane førskulelærarane møter i praksis. Eit sentralt spørsmål er om høgskulane verkeleg utdannar til kvardagen i barnehagen, og prosjektet spør også om arbeidet i barnehagen samsvarer med dei ideala ein finn i statlege styringsdokument.
Prosjektgruppa legg stor vekt på at analysar og funn frå prosjektet skal formidlast til ei brei offentlegheit i tillegg til vitskapleg publisering av forskingsresultata.