Evaluering av spesialpedagogutdanningane ved svenske universitet og høgskular
Svensk spesialpedagogutdanning har gjennomgått ei nokså stor endring dei seinare åra.
Spesialpedagogane skal utdannast til meir å kunne førebygge vanskar, rettleie foreldre, elevar og lærarar og drive utviklingsarbeid i barnehage og skule for å gjere institusjonane meir eigna for barn, unge og vaksne med behov for særleg støtte.
Alle utdanningane har følgt dette opp nokså nøye. Det har gått ut over ei anna oppgåve som også ligg til kvalifiseringa av spesialpedagogen. Det er å gjere dei i stand til også å arbeide direkte med dei barn og elevar som har behov for spesialundervisning. Den oppgåva har vorte prioritert ned, til nokså stor frustrasjon mange stader.
Av dei seks utdanningane som er granska, er det berre ei (Högskolan i Malmö) som blir omtala som tilfredsstillande både når det gjeld forsking og undervisning. Ved dei andre institusjonane varierer kvaliteten nokså mykje, både når det gjeld kompetansen til personalet, tid til forsking, samansettinga av fagmiljøet og måten studia er organiserte på.
Med bakgrunn i evalueringa stiller Högskoleverket spørsmål ved eksamensretten til to av utdanningane, og gir dei eit års frist til å sette i gang med tiltak for å bøte på dei manglane som ligg til grunn for vedtaket.
Les meir på Högskoleverket sine heimesider