European Conference of Educational Research (ECER) 2014
Som vanleg er det før hovudkonferanse ein eigen konferanse, Emerging Researchers Conference så går frå andre til femte september, for forskarar som er i ferd med å kvalifisere seg, til dømes stipendiatar som arbeider med doktorgrad. Her er det høve til å få førebudde kommentarar frå kvalifiserte fagfolk.
EERA har 20-års jubileum i 2014. I samsvar med dette har hovudkonferansen som går 1. til 2. september som tema «The Past, the Present and Future of Educational Research».
Konferansen er organisert som sesjonar i ulike forskarnettverk. Dei etablerte nettverka gir ein høve til å få kontakt med kollegaer i Europa som arbeider på det same fagelege feltet og kome i gang med felles publisering av forskingsarbeid. Du kan melde deg på her.
– Frist for å sende inn søknader om å få presentere forsking i eit nettverk er 1. februar 2014, seier professor Rune Kvalsund ved Avdeling for samfunnsfag og historie.
Kvalsund var med på å starte EERA Nettverk 14, Communities, Families and Schooling in Educational Research. Han har i åra etter dette veksla mellom å vere medlem i leiargruppa for nettverket og leie nettverket. Han har på denne måten oppmuntra til, støtta og samarbeidd om forsking og publisering som gjeld oppvekstmiljø og nærmiljøskule, stadsbasert pedagogikk, overgangar i skulesystemet og fasar i livsløpet.
Nettverksdeltaking gir høve til internasjonalisering av eiga forsking. Som aktuelle døme dette året er Kvalsund sitt bidrag i ei bok i forskingsmetode «Doing Educational Research in Rural Settings. Methodological Issues, International Perspectives and Practical Solutions» redigert av Simone White og Michael Corbett. Det andre bidraget er kapittel i «Handbook on Life in Schools and Classrooms: Past, Present and Future Visions», med Mayhill og Maclean som redaktørar (Springer forlag).
Det mangeårige forskingsprosjektet «Sårbar ungdom – overgangar frå skule til vaksenliv» ved Avdeling for samfunnsfag og historie og Institutt for sosialfag, har dette året tatt initiativ til ein open invitasjon til symposium om nettopp dette temaet på ECER 2014 i Porto. Tema: funksjonshindra og sårbare barn og unge, livsløpsovergangar og marginalisering.