Elisabeth Innselset forskar på morgontrim i skulen

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Klokka halv åtte om morgonen har NRK.no møtt idrettsforskar Elisabeth Innselset og elevar på Spjelkavik barneskule, der dei er klare for ein ny dag med trim på programmet om morgonen.

I reportasjen som Olaug Bjørneset og Jannicke Susann Farstad i NRK Møre og Romsdal da50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877bhar laga, fortel Elisabeth Innselset også at ho undersøker korleis fysisk aktivitet kan påverke konsentrasjon og læringsutbyte resten av dagen.

– Og så er det så gøy! strålar den friske idrettsforskaren.

65f1f1acb9e40d83aea8749dde07fcdba06ee2db

Høgskulelektor Elisabeth Innselset forskar på morgontrim på skulen. Faksimile frå NRK - Olaug Bjørneset og Jannicke Susann Farstad.

Sjå heile reportasjen med video og fleire bilete på NRK.no/mr da50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b

– Det mange positive effektar: økt fysisk form, betre humør, kjempegod start på dagen. Vi blir sterkare og meir uthaldande, seier Elisabeth Innselset til NRK.no.

Del på