Dramastudentane set opp Eit julekvad av Dickens
- Denne historia er kanskje kjend for mange, blant anna gjennom mange ulike filmatiseringar og teater- og musikalframsyningar. Historia går føre seg i London, og vi møter den bitre, gamle og gjerrige Ebenezer Scrooge. På sjølvaste julekvelden får han eit noko uvanleg besøk som syner seg å ha stor innverknad på den gamle gjerrigknarken.
Dette er ei annleis julehistorie som set fokus på litt andre ting enn me vanlegvis ser. Det er både triste, nifse, rørande og hyggjelege stemningar. Med stykket ynskjer me å setje fokus på jul, og kva jula tyder for oss. Treng ein eigentleg jula lenger? Har jula noko å seie oss, eller er det berre humbug?
Drama årsstudium er ei gruppe på 17 studentar frå heile landet. Dei siste vekene har det vore intens jobbing for å få alt på plass, for dette stykket er eksamen. Studentane har jobba seg gjennom roller, scenografi og kostymer. Det vert sett opp 5 framsyningar på både dag- og kveldstid søndag til onsdag, og publikum er hjarteleg velkomne! Stykket høver best for dei som er over 7 år. Kom, kom og sjå!
SØNDAG kl.19.00 | Mandag kl.19.00 | Tirsdag Kl.11.30 og 19.00 | Onsdag Kl.12.00
Bilete: Sverre Uri som Ebenezer Scrooge
Les meir om dramastudiet i studiekatalogen