Danskar til Volda for å lære og lære bort
Tilsette ved høgskule i København besøkte Volda og fekk eit godt innblikk i pedagogikken i både grunnskule- og barnehagelærarutdanninga.

Frå venstre Mette Siersted, Bente Reiman Jensen, Ida Kornerup og Sharmila Holmstrøm Juhlin frå Københavns Professionshøyskole (UCC).
Tilsette ved høgskule i København besøkte Volda og fekk eit godt innblikk i pedagogikken i både grunnskule- og barnehagelærarutdanninga.
I starten av april hadde Høgskulen i Volda, ved Institutt for pedagogikk, studiebesøk av lærarutdannarar frå Københavns Professionshøyskole (UCC).
– Dette er ein del av ERASMUS-programmet. Dei deltok på praksisoppsummering ved andreårsstudentar i grunnskulelærarutdanninga (GLU). Her fekk dei erfare engasjerte studentar som gjennom eigenutvikla posters og diskusjonar synte korleis ein arbeider med å knyte praksis til det teoretiske innhaldet i studiet, fortel dosent Bente Vatne.
På eit seminar for lærarutdannarar i pedagogikk, presenterte dei danske forskarane eige forskingsprosjekt som viser korleis dei gjennomfører aksjonsforskning i danske barnehagar.
Besøket vart avslutta med besøk i Engeset barnehage der pedagogisk leiar, Hilde Kalvatsvik, skildra kva ho legg vekt på i arbeidet med dei yngste barna i barnehagen. Ho fortalde mellom anna korleis teoretisk grunnlag ligg i botnen for personalet sine handlingar i kvardagssituasjonane i barnehagen.