Åtvarar mot testhysteri
Professor Peder Haug åtvarar mot å bruke resultata frå både PISA-undersøkinga og våre eigne nasjonale prøvar til å seie noko om kvaliteten i norsk skule.
- Det er ein stor mistyding at dei nasjonale prøvane seier noko om kor god den enkelte skulen er, seier professor Haug til Klassekampen.