Årets matblogg
– Dette er verkeleg stas! Liz Torine Enerhaug frå Leikong på Sunnmøre går på studiet Mat, kultur og konservering. Medstudentane på studiet har nettopp kåra bloggen hennar som den beste matbloggen på årets kull. – Eg vonar at bloggen min kan vere til inspirasjon og auka matglede, seier ho.
Mat, kultur og konservering
Mat, kultur og konservering (30 studiepoeng) er eit tverrfagleg studium retta mot dei som er interesserte i matkultur, mattradisjonar og konservering og som ønskjer praktisk og teoretisk kunnskap i faget. Eitt av arbeidskrava på studiet er å lage ein matblogg i haustsemesteret.
Blogg til inspirasjon
– Eg tar Mat, kultur og konservering som mitt fjerde og siste år i grunnskulelærarutdanninga mi. Studiet er utruleg lærerikt og kjekt. Eg er veldig glad i å lage mat, og eg likar å eksperimentere på kjøkkenet. Eg har blitt meir og meir oppteken av matkultur og arbeidet som ligg bak det å lage og konservere tradisjonskost. Eg set meir pris på maten når eg skjønar kva arbeid og tenking som ligg bak. På bloggen min deler eg oppskrifter og gjer greie for arbeidsmåtar og prosessar. Eg vonar at bloggen kan vere til inspirasjon til større matglede og auke lysta til å lære meir om matkultur, seier Liz Torine Enerhaug.
Delingskultur
Høgskulelektor Kari Ryslett ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning er fagansvarleg for studiet. Ho peikar på at studentane sine matbloggar gir andre interesserte eit verdfullt innblikk i studiet og Høgskulen i Volda.
– Vi har berre positive erfaringar med opne matbloggar som arbeidskrav. Studentane i dag er vane med kommunisere på slike plattformer. Dei lærer av kvarandre når det gjeld innhald og utforming, og eg synest at den faglege kvaliteten, språket, litteraturlistene osv. har blitt betre etter vi begynte med dette. Mange blir stolte av bloggen sin og held fram med å drive dei etter dei er ferdige her. Eitt eksempel er Mari-Lene Korsnes sin blogg «Med hjerte for mat».
Det nærmar seg jul og vi nyttar høvet til å be om nokre råd til dei av oss som ikkje er so trygge på kjøkenet.
– Kva skal til for å få dreis på kålrabistappa?
– Det er viktig at stappa smakar skikkeleg av kålrabi. Det er greitt å ha i litt potet og gulrot, men ikkje meir. Sjølvsagt må ein ha i ribbefeitt og noko matfløyte. Krydre med salt, pepar og muskat.
Kari Ryslett har også forslag til to typar småkaker som det er umogleg ikkje å få til.
– Serinakaker og kokosmakronar er fole enkle å lage. Det er berre å hive seg rundt og prøve, seier ho.