Verdskjend filmregissør til Volda
Den verdskjende britiske filmregissøren Tony Palmer kjem til Volda i samband med Sunnmøre kammermusikkfestival 5. – 11. september. Palmer vil mellom anna vise filmen «Once, at a Border…», ein film om Igor Stravinskij. Han skal også vise filmar for mediestudentar ved høgskulen og elevar ved Volda vidaregåande skule.
– Tony Palmer laga filmen "Once, at a Border…" til 100-årsjubileet til Igor Stravinski, komponisten som har ein sentral plass i programmet for årets kammermusikkfestival. Det var enka til russiske komponisten som bad Palmer om å lage filmen som vil bli presentert og vist på Høgskulen i Volda rett etter opningskonserten 9. september. Fleire filmar av Palmer vil bli vist i Fosnavåg, Sæbø og på Rokken under festivalveka, fortel styreleiar for Sunnmøre kammermusikkfestival Gunnar Strøm.
Program for opne framsyningar med Tony Palmer.
Gunnar Strøm kan fortelje at Tony Palmer også var ein sentral figur i av pop/rock-miljøet i England på 60-talet.
– Tony Palmer var med å definere korleis pop og rock blir presentert på TV, seier Strøm.
Internasjonal
Det er verkeleg ein filmskapar av internasjonalt format kammermusikkfestivalen og Strøm har lukkast å få til Volda. Palmer sin enorme filmproduksjon omfattar over 100 musikkdokumentarar og filmar om The Beatles, Cream, Rory Gallagher, Jimi Hendrix og Frank Zappa og berømte portrett med og om Walton, Britten, Stravinskij, Maria Callas, André Previn, John Osborne, Leonard Cohen, Margot Fonteyn og Menuhin.
Filmen hans om Richard Wagner, med superstjernene Richard Burton, Laurence Olivier og Vanessa Redgrave i hovudrollene, blei av Los Angeles Times omtala som «ein av dei vakraste filmane som nokon gong har vore laga».
Tony Palmer har fått ei rekkje internasjonale prisar for arbeidet sitt, blant anna14 gullmedaljar på New York Film & Television Festival (den siste i 2016) og prisar frå Jerusalem, San Francisco, São Paolo, Chicago, Sofia, Cuenca og London Film Festivals.
Tett program
I løpet av dagane 7. – 11. september skal Palmer, i tillegg til å vise filmar som ein del av kammermusikkfestivalen i Volda og i Fosnavåg, også vise filmar for masterstudentar ved Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda (HVO), på Hjørundfjord Filmteater på Sæbø og for elevar ved Volda vidaregåande skule. Han vert også med på kammermusikkfestivalen sin quiz på Rokken onsdag 8. september.
– Som styreformann i Sunnmøre kammermusikkfestival vil eg nytte høve til å takke Sparebank 1 Søre Sunnmøre for støtta til å hente ein slik internasjonal kapasitet til Volda og Sunnmøre, seier Gunnar Strøm.