Velkomen til digital boklansering
Den 18. september, under Forskingsdagene 2020, vert det digital lansering av boka "Brukermedvirkning i helsetjenesten – realitet eller retorikk?" Boka har kome til i eit samarbeid mellom fagfolk ved NTNU, Helse Nord-Trøndelag HF, Helse Møre og Romsdal HF, Høgskulen i Volda og Michael – Det norske medisinske Selskab.
Forfattarar med ulik fagbakgrunn har blitt inviterte til å bidra med artiklar i boka, som tek sikte på å belyse brukarmedverknad frå ulike perspektiv. Randi Bergem ved Høgskulen i Volda (HVO), har skrive artikkel i boka, og bidraget har tittelen Medverknad i lokalt folkehelsearbeid.
Eit føremål med boka er å gi eit kunnskapsbidrag til helsepersonell, brukarar, utdanningsinstitusjonar, planleggarar og politikarar. Boka viser at brukarmedverknad både er realitet og politisk retorikk, og at det er behov for auka brukarmedverknad både på individ- og systemnivå. På systemnivå bør ressursar hos innbyggarar, lag og organisasjonar i større grad mobiliserast til det beste for folkehelsearbeidet.
Lanseringsseminaret, som skal vere 18. september, er støtta av Samarbeidsorganet i Helse Midt Norge og Norges Forskningsråd. Lanseringa skjer gjennom ein publisert video, som blir tilgjengeleg frå 18. september kl. 10.00.Videoen vil ligge open for dei som ønsker å sjå han på eit seinare tidspunkt.