Klientretta praksisstudium
Torsdag og fredag var 45 praksisrettleiarar samla i Ålesund for fagleg påfyll og erfaringsutveksling. Dei praksisansvarlege ved Institutt for sosialfag, Gerd Skjong og Ingun Klepp, meiner det er viktig at Høgskulen i Volda bidreg til at rettleiarane blir best mogleg budde til rettleiaroppgåva.
– Støtte og forståing frå kollegaer er nødvendig for at praksisrettleiar skal få gode vilkår for det viktige oppdraget, seier dei.
Nokre av praksisrettleiarane vart med dei praksisansvarlege opp trappene til Fjellstua.