Utstilling og workshops med Pippip Ferner
I samband med Strandryddingsveka 2020 i september var studentar ved Design, kunst og handverk på Runde miljøsenter for oppleve utstilling, foredrag og workshops med kunstnaren Pippip Ferner.

Plastavfall utgjer eit alvorleg trugsmål mot livet i og ved havet. Strandryddingsdagen 2020 og årets TV-aksjon prøvar å gjere noko med problemet.
I samband med Strandryddingsveka 2020 i september var studentar ved Design, kunst og handverk på Runde miljøsenter for oppleve utstilling, foredrag og workshops med kunstnaren Pippip Ferner.
I prosjektet Plastic Revisited rettar Pippip Ferner frå Asker søkelyset mot marin plastforureining. Ferner brukar ei blanding av fakta og underfundig humor til å formidle kva plastavfall gjer med kloden, dyrelivet og havet. Ho brukar plasten ho finn i fjøra til å lage store vevde og strikka installasjonar.

Studentane frå Volda laga komposisjonar av plast dei hadde samla inn på fugleøya Runde på Strandryddingsdagen 2020.
Plasten ho finn kjem frå presenningar, plastsekkar, plast frå byggeindustri, rundballplast, fiskerelatert tau, fiskegarn osv. Slikt plastavfall kan vere ei dødsfelle for fuglane på Runde når slikt materiale vert bygt til reirbygging.

til «Gullklypa», Hold Norge
Rent sin pris for eldsjeler
og organisasjonar
som gjer ein
ekstraordinær innsats
for eit ryddig lokalmiljø.
– Studentane frå Volda fekk ulike oppgåver med fokus på marin forsøpling. Det vart mellom anna laga ein liten «skrekkfilm», «haute plast-couture», installasjonar inne og ute og komposisjonar av plast rett på golvet på Runde miljøsenter, seier Ferner.
Design, kunst og handverk i Volda
– Hos oss får studentane utvikle seg innanfor kreativt arbeid og formidling. Vi underviser i mange ulike fagområde som arkitektur, funksjonell design, kunst – skaping og formidling, objekt i rom og visuell kommunikasjon. Vi har åtte ulike godt utrusta verkstadar som er døgnopne. Vi legg vekt på å gi studentane innsikt og kunnskap for å kunne realisere eigne idear og utøve og formidle kunst og kultur, seier høgskulelektor Sissel Midtlid ved Seksjon for design, kunst og handverk.
Årets TV-aksjon
NRK sin TV-aksjon 18. oktober 2020 Et hav av muligheter handlar om dei åtte millionane tonn med plast som endar opp i havet kvart år. Dei innsamla midlane skal gå til å etablere og forbetre eksisterande avfallssystem for meir enn 900 000 menneske i Søraust-Asia.
Studietilbod
Avdeling for kulturfag ved Høgskulen i Volda tilbyr følgjande studietilbod innan design, kunst og handverk:
- Bachelor i design, kunst og handverk
- Årsstudium i design, kunst og handverk
- Vidareutdanning i design, kunst og handverk
- Entreprenørskap i kulturnæringar