Symfoniorkesteret med nyttårskonsert
Tradisjonen tru inviterer symfoniorkester til nyttårskonsert søndag 27. januar. Mange unge solistar tek del.
Dirigent Elizabeth Oltedal fortel at orkesteret i denne sesongen har hatt eit spennande samarbeid med sju unge solistar som er rekrutterte frå orkesteret sine eigne rekker og elles frå Søre Sunnmøre.
– På programmet har vi flotte stykke for tuba, fiolin, klaver og song i tillegg til sprudlande og tradisjonsrik nyttårsmusikk, seier Oltedal som ønskjer alle velkomne til ei festleg musikkoppleving i Berte Kanutte-huset.