– Studentane var blanke i auga
Teater og drama-studentane fekk ei heilt ny oppleving då Brian Rhinehart tok over undervisninga og instruerte dei. Dagane med den eksentriske professoren frå USA vil studentane seint gløyme.

Professor Brian Rhinehart
Teater og drama-studentane fekk ei heilt ny oppleving då Brian Rhinehart tok over undervisninga og instruerte dei. Dagane med den eksentriske professoren frå USA vil studentane seint gløyme.
– Det har vore heilt fantastisk. I starten skjønte eg ikkje heilt kva eg var med på – det var absurd. Vi er vand med vanleg teater, men dette er noko heilt nytt. Sjukt artig, synest Ole Henry Snildalsli, førsteårsstudent ved bachelorgraden i Teater og drama.
Internasjonal kapasitet
Rhinehart arbeider til dagleg som professor ved Actors Studio Drama School sitt MFA-program ved PACE University i New York. Ved det anerkjende universitetet hadde Rhinehart Ray Corrado Knutsen som masterstudent for nokre år tilbake. Corrado Knutsen er no høgskulelektor ved Høgskulen i Volda og er mykje av grunnen til at ein fekk amerikanaren til Volda for å undervise studentane på første og andre året i Teater og drama ei lita veke.

– Vi er svært godt nøgd med å få Brian hit. Det er eit døme på internasjonalt samarbeid som verkeleg ber frukter – ikkje minst for studentane. Vi håper å ha sådd eit viktig frø med dette besøket, som kan bli til noko meir framover, seier Corrado Knutsen.
Gjesten frå USA har unik kunnskap innanfor det ein i teaterkrinsar kallar «devising». Ein form for teater der skodespelarane ikkje har replikkar, spelar på impuls undervegs innanfor nokre førehandssette reglar og med eit bestemt tema.
– Herlege å jobbe med
– Det er ein meir demokratisk måte å lage teater på. Alle deltek og alle «skriv» teateret saman. Det skal vere mogleg å tolke eit slikt stykke, men tolkingane blant publikum vert gjerne forskjellig, forklarar Rhinehart.
Den entusiastiske undervisaren let seg ikkje påverke av tidsskilnad og ei tøff landing i stormkast på Vigra. Han gjekk frå gruppe til gruppe og gav rettleiing – poengtert og velmeinande ris og mest ros.
– Studentane her i Volda er herlege å jobbe med. Dei er energiske og inspirerte. Heime i New York arbeider eg med flinke masterstudentar, eg merka ikkje stor skilnad på dei og Volda-studentane, skryt Rhinehart.
Inspirasjon
Etter den første dagen, då Rhinehart gav studentane eit første innblikk i «devising» og ein del verktøy dei kan bruke, var mange høgt oppe, ifølge høgskulelektor Corrado Knutsen.

– Studentane var blanke i auga då første dag var over. Det var tydeleg at dette gav dei inspirasjon, seier Corrado Knutsen, før førsteårsstudent Hallvard Røkeberg Lid kan stadfeste akkurat det:
– Brian er rå på akkurat det her – det å spele på impulsane. Veldig lærerikt, meiner Lid, og før følgje av gruppekompis Snildalsli: – Håper vi kan få ha han som lærer igjen. Han er ingen kvens om helst, og det er alltid artig med nye impulsar, smiler trønderen.