– Stort behov for vidareutdanning i kunst og handverk
I Utdanningsdirektoratet (UDIR) sitt program for vidareutdanning av lærarar, Kompetanse for kvalitet, tilbyr Høgskulen i Volda studiet Kunst og handverk 1, 1.-10. årstrinn. Denne veka var 20 studentar frå heile Noreg samla i Volda for å lære meir om trearbeid i framtidsskulen.
Stort behov
– Det er eit stort behov for vidareutdanning innanfor kunst og handverk. Då vi søkte UDIR om å kome med i programmet la vi vekt på å tenkje framover og fornying av faget i høve til ny læreplan. Sentrale moment er digital kompetanse i kunst og handverk, handverksferdigheiter, kunst- og designprosessar, visuell kommunikasjon og kulturforståing, seier fagansvarleg Karen Brænne ved Seksjon for kunst og handverk ved Avdeling for kulturfag.
Kunst og handverk 1, 1.-10. årstrinn
Studiet er eit nett- og samlingsbasert studium med to samlingar pr. semester. Tilbodet består av to emne à 15 studiepoeng: «Teikninga lever» og «Trearbeid i framtidsskulen».
Vidareutdanninga er tilrettelagt for lærarar som ønskjer å få teoretisk og fagdidaktisk kunnskap om og praktisk erfaring i kunst og handverk som skulefag. Arbeidsformene i studiet vil veksle mellom teoretisk tilnærming, praktisk utøvande arbeid og didaktisk refleksjon knytt til studenten sin eigen praksis.
Praktisk innretta
Trearbeid og teikning er sentrale område i skulen. Faga krev mykje av den enkelte lærar og det tar lang tid å meistre dei ulike teknikkane. Trearbeid er dessutan avhengig av tilgang til ein verkstad og mykje forskjellig utstyr.
Trearbeid og teikning er sentrale område i skulen. Faga krev mykje av den enkelte lærar og det tar lang tid å meistre dei ulike teknikkane. Trearbeid er dessutan avhengig av tilgang til ein verkstad og mykje forskjellig utstyr.
Marit Lillestøl frå Ålesund set pris på opplæring i bruk og vedlikehald av dei ulike verktøya ein treng i ulike former for trearbeid.
– I tillegg til å lære ulike teknikkar er det flott å få lære om bruk og vedlikehald av dei mange ulike verktøya ein finn i ein sløydsal, seier ho.
– Eg set pris på at utdanninga er så praktisk innretta. Eg brukar sløydsalen mykje i undervisninga og eg treng meir praktisk kunnskap om teknikkar og verktøy. Det er også svært nyttig å kunne utveksle erfaringar med kollegaer frå heile landet, seier Jørgen Oksmo frå Hvaler i Østfold.
Dag Kristian Krogsrud frå Stange kommune i Hedmark ser fram til å få ein formell kompetanse i faget.
– Mange underviser i kunst og handverk utan formell kompetanse. Med ei slik utdanning får ein større fagleg tyngde i kollegiet, seier han.