Inspirerande korseminar
– Korseminaret med Jon Lotterud er artig og inspirerande. Han er flink, og han har eit spennande repertoar. Det er kjekt å få synge songar av kjende popartistar som The Police, Beatles, Aha og Queen, seier Mathilde Strøm som går andre året på bachelorutdanninga i musikk.
I tre dagar skal studentane ved musikk årsstudium og den treårige bachelorutdanninga i musikk synge saman, lære om korinstruksjon og bli inspirerte til vidare korarbeid. Det heile vert avslutta med ein konsert i konsertsalen i Kaarstad-huset onsdag 16. februar.
– Den gode opplevinga av å synge i kor
Den røynde musikaren og korinstruktøren Jon Lotterud frå Gjøvik har lang røynsle med slike seminar for ulike skuleslag og aldersgrupper.
– I store delar av året reiser eg rundt og held slike seminar for kor, for elevar på folkehøgskular og for menneske i ulike andre lag og grupperingar. Når ein har so kort tid til rådvelde som her, er det viktig å finne musikk som ikkje er for vanskeleg men som likevel gir studentane ei god oppleving av det å synge i kor, seier han.
Samspelprosjekt
Musikkutdanningane i Volda har som mål å gi studentane gode kunnskapar og ferdigheiter innanfor musikkutøving og formidling, komponering og arrangering, musikkpedagogikk og instrumentaldidaktikk. I Volda er det eit rikt musikkliv, og høgskulen har eige kor og symfoniorkester.
– Det vi gjer desse dagane er ein del av emnet vi kallar samproduksjon. Her legg vi vekt på at studentane samarbeider, syng eller spelar saman i grupper og framfører det dei har øvt inn. Dagane skal også vere til inspirasjon for høgskulekoret, seier høgskulelektor Svein Hunnes ved musikkutdanninga ved Avdeling for kulturfag.
Konsert
Konsert blir det onsdag 16. februar kl. 18.00 i Kaarstad-huset.