BOA blir kunstnarleg samarbeid
Førstelektor i teater Vibeke Preus Bech, har sidan hausten 2017 vore del av Volda Vidaregåande sitt musikal prosjekt: Cry Wolf, og no er snart BOA-prosjektet klart for premiere.

Vibeke Preus Bech, førstelektor i teater ved HVO.
Førstelektor i teater Vibeke Preus Bech, har sidan hausten 2017 vore del av Volda Vidaregåande sitt musikal prosjekt: Cry Wolf, og no er snart BOA-prosjektet klart for premiere.
I juni 2017 fekk Preus Bech ein førespurnad frå Volda vidaregåande skule, om ho var interessert i å ha regi på deira musikalprosjekt. Med 100 elevar og ei stor og kompetent lærargruppa involvert, såg ho oppdraget som ein spanande moglegheit. Samarbeidet involverer også studentane ved teater og drama, og i kveld skal dei, saman med elevar frå vidaregåande ha eit verkstad der scenografi, rekvisittar og kostyme vert jobba med.
Prosjektet finansierast av både høgskulen (FoU-tid) og av Volda Vidaregåande, og utgjer eit av to BOA-prosjekt for seksjonen i 2017/2018.Bidrags- og oppdragsfinansiert aktivitet (BOA) er ein del av høgskulane sitt samfunnsoppdrag og finansiering, og skal vere eit insentiv til meir samarbeid mellom arbeids-, samfunns- og næringsliv.
— At det finst moglegheit for slike oppdrag som BOA-verksemd er flott, seier seksjonsleiar Hege Holmqvist Synnes.
Sjølv er Preus Bech glad for både førespurnaden og moglegheita til å ta eit slikt oppdrag, men mest er ho opptatt med det praktiske arbeidet no.
— Det er berre tre veker til première, så no går det slag i slag, med korøvingar, koreografiøvingar, orkester, regi, filming, scenografiverkstad osb., seier ho.
— Eg håper at det vert fleire slike mogligheiter for samarbeid, avsluttar Preaus Bech, før ho tar manus med seg ned på øving.
