Ivo Caprino 100 år
Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda og Volda Filmteater inviterer alle til markering og feiring av at Ivo Caprino ville blitt 100 år på mandag 17.februar.
Ivo Caprino er truleg den mest kjende filmskaparen i den norske filmhistoria. Flåklypa Grand Prix (1975) er i særklasse den mest sette norske filmen gjennom tidene. Over fem millionar har sett filmen på kino i Noreg, og den vart også ein stor internasjonal suksess. ‘Alle’ i Noreg kjenner eventyrfilmane om Reveenka og Askeladden. og ikkje minst Karius og Baktus.
På fødselsdagen 17.februar vert det Caprino-program heile dagen.
10.30 – 12.00 Høgskulen i Volda, Strøm 110
Lenkje til kart: http://bit.ly/38pEzR5
Kortfilmar og dokumentarfilm om Ivo Caprino.
Gratis og ope for alle
13.15 – 16.00 Høgskulen i Volda, Strøm 245
Lenkje til kart: http://bit.ly/38m9Bt6
Seminar om Ivo Caprino med filmklipp frå kortfilmane, Televimsen, reklamefilmar med meir.
Stein-Christian Fagerbakken og Gunnar Strøm presenterer Ivo Caprino og filmane.
Gratis og ope for alle
17.00 Volda Filmteater
Flåklypa Grand Prix (Ivo Caprino 1975). Barneframsyning med pølser og kake.
Kinosjef Kardis Hasfjord har funne fram gamle billettblokker, og dei hyggjelege prisane er inkludert pølse og bursdagskake.
20.00 Volda Filmteater
Flåklypa Grand Prix (Ivo Caprino 1975). ‘Vaksenframsyning’ med pølser og kake. Gunnar Strøm introdusere filmen.
Kinosjef Kardis Hasfjord har funne fram gamle billettblokker, og dei hyggjelege prisane er inkludert pølse og bursdagskake.
Kortfilmar og dokumentarfilm om Ivo Caprino.
(foto: Caprino filmcenter)