Info til alle

  • Katastrofe-øving i stor skala

    Publisert

    GARDERMOEN: Hercules-flyet har nett landa. Dei "skadde" vert frakta vekk i sjukebil, og øvinga "Samaritan Express" går mot slutten. 40 journaliststudentar frå Høgskulen i Volda er med og dekkjer den største katastrofeøvinga som har gått føre seg i Noreg.

  • Kollektivet til valurnene!

    Publisert

    "Ronny går til valurnene for å redde rockefestivalen..." Slik er Kollektivet med på å mobilisere unge til å ta del i valet. Torbjørn Lien sin etterkvart vidkjente teikneseriestripe prydar i desse dagar brosjyren som skal appellere til unge si valdeltaking.

  • Vellukka semesteropning

    Publisert

    Over tusen studentar var til stades under semesteropninga i Berte Kanutte-kantina tysdag. Dette studieåret møtte studentane store endringar gjennom Kvalitetsreforma. - Vi har forventingar om vilje til oppfølging av reformen med løyvingar i neste års statsbudsjett, appellerte rektor Gunnar Stave i opningstalen.

  • Prisdryss til Volda på animasjonsfestivalen

    Publisert

    Morten Nyutstumo frå Høgskulen i Volda stakk av med både publikumsprisen og pris for beste studentfilm med "Benny og tannféen" ved Fredrikstad Animation Filmfestival.

  • Volda – Ungarn neste!

    Publisert

    I slutten av april vart det arrangert eit kontaktseminar mellom norske og ungarske utdanningsinstitusjonar under programmet "Erasmus Link to Europe". Føremålet var å knyte kontaktar med tanke på student- og lærarutveksling. Ungarn er mellom søkjarlanda til EU, og er svært interesserte i å knyte band til norske institusjonar.

  • Den Norske Dokumentarfilmfestivalen

    Publisert

    Den Norske Dokumentarfilmfestivalen tek til i dag onsdag 30. april. I løpet av festivalen vil det bli synt over 70 filmar.

  • Kunst i tunet

    Publisert

    Årseiningsstudentar ved Kunst og handverk på Avdeling for lærarutdanning held ei svært spesiell utstilling på Volda bygdetun denne veka.

  • Utdanning.no - ny utdanningsportal

    Publisert

    Utdannings- og forskningsdepartementet lanserer 31.mars en nasjonal utdanningsportal for å gjøre det lettere å finne relevant og god informasjon om norsk utdanning.

  • Kurs- og vinteraktivitetsveka 10 år

    Publisert

    For 10. året på rad kan Høgskulen i Volda og ISF - Møre og Romsdal (i veka før påske, 7.-11. april) invitere deltakarar frå heile fylket til "Kurs- og Vinteraktivitetsveke" på Bjorli.

  • Vitjing frå Sogndal vidaregåande skule

    Publisert

    Elevar frå medielinja ved Sogndal vidaregåande skule vitja torsdag denne veka Avdeling for Mediefag. Dei entusiastiske journalistspirane fekk omvisning i lokala for avis, radio- og fjernsynsproduksjon.