Ope seminar: Ut med musikken!
Musikkseksjonen ved Høgskulen i Volda byd inn ope seminar med duoen Gabriel Flitflet (trekkspel/song) og Ole Hamre (slagverk). I Fliflet/Hamres musikk står leikelyst og innleving sentralt, og det meste kan skje.
Fliflet og Hamre er ein spesiell duo med ei heilt spesiell evne til å formidle musikk. Fredag 9. mars kjem denne spennande duoen til Høgskulen i Volda med seminaret «Ut med musikken» der dei vil fortelje om si verksemd som musikarar og ta opp tema som er grunnleggande i det å utøve og formidle musikk. Dei vil også kome inn på arbeidet med «Fargespill», eit prosjekt om musikk, integrering og mangfald som Ole Hamre driv. Seminaret startar med ein liten konsert.
I seminaret fredag 9. mars kl. 09.30 - 12.30 i konsertsalen i Henrik Kaarstad-huset tek dei opp tema som:
- Kva er det eigentleg vi driv med som musikarar?
- Kvifor starta vi ein gong med å spele?
- Å spele for seg sjølv og å spele for andre
- Å spele saman
I siste del av seminaret (11:30- 12:30) vert det lagt opp til diskusjon: Treng vi musikk i skulen? Og om ein treng musikken, kva skal musikktilbodet vere?