Yrkesorienteringar og messer vinteren 2001

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Vidaregåande skular i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane
Det er fylkeskommunane som står bak dagane med yrkesorientering ved dei vidaregåande skulane i fylka. HVO skal i alt besøke 14 vidaregåande skular frå Sandane til Surnadal. Andre deltakarar er høgskulane i Molde og Ålesund, universiteta i Trondheim og Bergen, Forsvaret og Statens Lånekasse.


Ny design
Informasjonsmateriellet vil bli laga etter retningslinjene i det nye grafiske profilprogrammet for HVO. Under ser ein korleis framsida på den nye studiekatalogen ser ut.

STUDKAT
Den nye studiekatalogen


Felles annonsekampanje
Høgskulane i fylket har lenge hatt felles stand på dei store utdanningsmessene i Oslo, Trondheim og Bergen. I år vert samarbeidet utvida med ein felles annonsekampanje som set fokus på kompetansefylket Møre og Romsdal.

PLAKATAR

- Vi vil at ungdommen skal stoppe opp eit bel og ta seg tid til å bli kjende med det store mangfaldet dei tre høgskulane i fylket representerer, seier Brandal. Næringslivet i regionen er kjend for kvalitet og høg profesjonalitet på ei rekkje område, og samla sett står dei tre høgskulane ikkje noko tilbake for dette.

Studentdeltaking
HVO har i fleire år hatt med studentar på utdanningsmessene i Bergen, Oslo og Trondheim.

ELIN-F
Mediestudent Elin Fugelsnes på stand i Bergen

I år skal vi også ha med studentar på orienteringane i dei vidaregåande skulane, seier informasjonskonsulent Brandal som rosar Studenttinget i Volda for eit svært positivt engasjement i denne saka.

Fleire og fleire utdanningsmesser
I tillegg til ”fylkesstanden” på dei store messene i Oslo, Bergen og Trondheim, skal HVO ha stand på ei ny utdanningsmesse i Ålesund samt det mindre messene i Kristiansund, Hareid/Ulstein og Volda/Ørsta.

felles-stand
Felles stand for høgskulane i fylket

- Vi reknar med å ha folk på vegen i over 30 dagar i løpet av januar – februar, avsluttar Brandal.

Del på