Regjeringa utvidar den gradvise opninga av universitet og høgskular
– Vi opnar no opp for at fleire studentar kan kome på høgskuleområdet dersom dei har behov for dette for å oppretthalde studieprogresjonen, seier høgskuledirektør Karen Lomeland Jacobsen.
I pressemeldinga frå Kunnskapsdepartementet (KD) dagsett 7. mai heiter det mellom anna: «Fra neste uke åpnes universiteter, høyskoler og fagskoler for studenter som må ha fysisk tilgang til lærestedet for å ikke bli forsinket i studiene sine.» Lærestadane må følge krava til smittevern.
Undervisning, rettleiing og eksamen skal framleis vere digitalt
– Undervisning, rettleiing og eksamen framleis skal vere digitalt ut heile semesteret. KD har varsla at det kjem eit brev seinare i dag med meir detaljar, og kriseleiinga vil handsame retningslinjer for korleis Høgskulen i Volda (HVO) skal praktisere vidare gradvis opning på måndag. Vi kjem tilbake med meir informasjon då, seier høgskuledirektøren.