Volda-film nominert til prestisjefull pris
Cartoon d'Or er CARTOON sin årlege pris til beste europeiske animasjonsfilm. Filmane som er med i konkurransen, er valde ut av dei leiande animasjonsfilmfestivalane i Europa.
Oslo Animasjonsfestival 1998 har altså valt å sende filmen "Hjertesukk" av Julie Engås.
"Hjertesukk" fekk prisen for beste debutfilm ved årets festival. Julie Engås (uteksaminert i 1997) laga filmen medan ho var student her ved HVO.
Juryen ved OAF skreiv dette om "Hjertesukk":
We thought it was a clever and original view on an old subject. It had depth and worked on several levels. We felt it was brave and intelligent of the animator not to get in the way of the idea, it was allowed to live. Although it could have easily fallen into the sentimental trap, the harsh reality of the subject matter stopped it doing so. Even the titles sequence was time well used. So the winner of the Best Debut Film is "Sigh", by Julie Engaas. (the award was presented by Paul Berry)
CARTOON
CARTOON er ein del av EU sitt medieprogram, og har som mål å styrkje animasjonsfilmen i Europa. Prisen Cartoon d'Or blir delt ut 26. september i Syros i Hellas. Vinnaren får 25000 ECU og er garantert stor mediedekning.
ZAGREB
Filmane "Hjertesukk" og "Leben de Loop" skal også vere med i den internasjonale festivalen i Zagreb 17. - 21. juni i år. "Leben de Loop" er laga Benjamin Westerfjell som vart uteksaminert her ved HVO i 1997.