Viareutdanning ved HVO

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Oppdatering og fornying av fag- og yrkeskompetanse er nødvendig for å kunne dra nytte av ny teknologi og kunnskap både innanfor privat og offentleg verksemd.

Kunnskap og kompetanse er nødvendig for vidare næringsutvikling og verdiskaping, men også for å vidareutvikle velferdsstaten og sikre aktiv demokratisk deltaking. Dersom det norske samfunnet skal vere konkurransedyktig internasjonalt, må vi få nok kompetanse ut av befolkninga. Men då må kompetanseutvikling vere noko alle har rett på og kan få del i.

Kurs- etter- og vidareutdanning vil derfor bli ei stadig viktigare oppgåve for utdanningsinstitusjonane. Høgskulen i Volda satsar på å bygge ut denne delen av verksemda, og er spesielt opptatt av å møte regionale behov på dei områda der vi har føresetnader for å gi gode tilbod.

kevkat

I den nye kurskatalogen finn du ei rekkje spennande kurs:
-EDB i historiefaget
-Tysk grunnfag
-Forprøver i fonetikk og lingvistikk
-Mediekunnskap I
-Mediekunnskap II
-Friluftsliv 1. og 2. 10-vekttalseining
-Informasjonsteknologi I
-Informasjonsteknologi II
-Pedagogisk arbeid på småskulesteget 2
-Pedagogikk mellomfag (ordinært studium)
-Spesialpedagogikk 1. avdeling
-Spesialpedagogikk 2. avdeling
-Fleksibel kommunalfagutdanning
-Vidareutdanning i rus- og avhengigheitsproblematikk 2
-Vidareutdanning i barne- og ungdomsvern
-Vidareutdanning i barn sine interesseri kommunal planlegging
-Regioplan Nordvest
-Kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering 1

Meir informasjon får du ved å kontakte KEV-kontoret ved HVO. Sjå også:
http://www.hivolda.no/kev

Del på