Vellukka samarbeid

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Kring sytti personar hadde funne vegen til biblioteket for å høyre Ragnhild Vannebo,høgskulelektor i drama ved HVO, lese frå "Haugtussa" av Arne Garborg. Samspelet mellom saksofonisten Jon Pål Inderberg, som spela improvisasjonar over norske folketonar, og Håkon Bleken sine måleri, som vart viste på "skjerm", bygde opp om Vannebo si diktlesing og gjorde den til ei oppleving av dei sjeldne.

Mvc-Inderberg3
Tre kunstformer i vellukka samarbeid



- Berre positive tilbakemeldingar på " Haugtussa"- førestellinga, seier biblioteksjef Lars Havåg. Det viste seg at biblioteket fungerte fint til arrangement av denne typen. For ettertida kan det kanskje vere ein tanke å stille lokala til disposisjon for småarrangement? seier ein fornøgd biblioteksjef.

Del på