- Sunt og godt
Fleire studentar nytta seg av tilbodet om gratis mat og tips om korleis lage sunn, billeg og god mat. Matkultur og helse studentane hadde baka ulike typar brød på førehand, og kunne freiste med pålegg og gode tips.
Anders Aanes (25), masterstudent på nynorsk skriftkultur var ein av dei frammøtte.
- Eg bakar litt brød sjølv, eller det er mest kona mi som bakar. Ho bruker ulike typar juice i brøda, for då blir dei veldig saftige og gode. Det er alltid kjekt med gratis mat, men eg kom hit for å sjå. Eg er oppteken av å ete sunt, og eg må seie at dette var noko anna enn kantinemat. Brøda smakar veldig godt og dei er grove. Det burde vore meir grovt brød i kantina.
Anders Aanes har fått smaksprøve og brosjyre med ulike oppskrifter
Et par andre studentar nikkar og er einige. Det ser ut til at studentane på Matkultur og helse har fått formidla bodskapen, og kanskje inspirert nokre til å sette i gang med brødbaking!