Styreval
Valstyret har bedt kandidatane skrive om:
1. Skriv kort om deg sjølv
2. Kva er viktige utfordringar for HVO framover?
3. Kva rolle styret skal ha i den vidare utviklinga av HVO
KANDIDATAR FOR GRUPPA TILSETTE I UNDERVISNINGS- OG FORSKARSTILLING
Roar Amdam
1. Eg er utdanna cand. agric i arealforvaltning og har doktorgard i samfunnsplanlegging frå NLH. Eg har arbeidt i kommunar, høgskuleadministrasjonen, Møreforsking og har 1993 vore førsteamanuensis i plan- og utviklingsarbeid ved Institutt for kommunalfag. Eg er medlem av fleire internasjonale forskarnettverk. Dei siste åra har eg vore styremedlem i den lokale fagforeininga, medlem av avdelingsstyret og vara til høgskulestyret. Eg var instituttleiar då vi fekk etablert den treårige kommunalkandidatutdanninga og prøveordninga med mastergrad i samfunnsplanlegging.
2. HVO står framføre mange og store utfordringar i kjølevatnet av Mjøs-utvalet. Eg ønsker at vi som høgskule skal møte dei komande reformene på ein konstruktiv og kritisk måte, men vil halde fram at i ein situasjon med skjerpa konkurranse må vi unngå å kopiere dei store og sentrale institusjonane, og vi må yte motstand mot administrative reformer som ikkje er tenlege for vår institusjon. Omstillingsarbeidet vårt må fundamenterast på dei historiske og særmerkte verdiane som høgskuleutdanninga i Volda har representert. Det å sett ord på desse verdiane og foredle dei inn i den nye tida, kan gi oss ein profil som gjere oss interessant både for ønska studentar og samarbeidspartnarar. Dette krev eit institusjonelt leiarskap som HVO så langt har forsømd til fordel for det administrative leiarskapet. Difor er det viktig å vidareutvikle noverande ordning med valde leiarar.
3. Styret må bli langt meir aktiv i institusjonsbygginga, bidra til å halde oppe ein kontinuerleg strategidebatt og gjere nødvendige val.. Vidare må styret i perioden arbeide for å få på plass eit eigna studenthus, ei forskingsorganisering som både fungerer offensivt eksternt og stimulerande internt, og tenlege system for kvalitetssikring av forsking, undervisning og studentservice.
Atle Døssland
1. Etter ein stuttare periode som lærar i grunnskulen, og deretter som arkivar og bygdebokforfattar i Trøndelag, kom eg til Volda hausten 1978 som amanuensis, seinare førsteamanuensis i historie ved distriktshøgskulen. Har i periodar hatt frikjøp ved større oppdragsprosjekt: distriktshistoriene for Møre og Romsdal og for Nord- og Midhordland. Eg har hatt verv som instiuttleiar fleire gonger. Elles har eg m.a. vore representant i høgskulerådet og styret for forskarforbundet, distriktshøgskulelaget. Dessutan har eg delteke i lokalt kulturarbeid og i lokalpolitikken i Volda.
2. Det er viktig å medverke til at Volda kan vere ein attraktiv studiestad. Rett nok tvingar dei auka krava til studenttal og studentproduksjon oss til å tenkje ut fleksible studiepakkar som gjer at fleire kan studere heime der dei bur. Likevel kan ikkje dette erstatte verdien av å vere ein del av eit studiemiljø i nokre år av sitt unge liv. Vi må ikkje la oss påverke av kortsiktig marknadstilpassa tankegang til å eksaminere ut flest mogeleg eksamenskandidatar på stuttast mogeleg tid, dersom det går på kostnad av kvalitet og innhald i sjølve studia og gjer oss lemfeldige i krava til kva kunnskapar studentane faktisk har tileigna seg. Har vi fleire fagleg svake studentar, må vi også ha ressursar nok til å gje dei betre hjelp, ikkje tvert om, slik vi no ser. Vi må heller ikkje la oss presse til å rasere dei frå før små, men ofte godt fungerande fagmiljø på grunn av kortvarige bølgjedalar i studenttilgangen. Gode, stabile og sterke fagmiljø er viktige garantiar for å halde oppe kvaliteten i studietilboda. Dette hindrar ikkje at vi må vere opne for nytenking og omstilling som lekk i langsiktige strategiar. Det er svært viktig i denne samanhengen at dei tilsette får høve til å drive sjølvstendig fagleg arbeid. Høgskulen er, og bør i endå sterkare grad bli, ein forskingsinstitusjon.
Avdelingsstrukturen og anna organisering ved høgskulen må revurderast. Ved ein såpass liten institusjon er det viktig at dei ulike fagmiljøa dreg saman, og ikkje kvar i sin retning. Dei to knutepunkta ved høgskulen bør verte samlingsmerke/fellesnemnarar og ikkje isolerte øyar i fagmiljøet.
3. Styret må vere i stand til å ta overordna ansvar på tvers av dei ulike sektorinteressene. Styret må også vise sjølvstendig, konstruktiv og kritisk haldning både til innspel frå leiinga ved skulen og til ulike departementale føringar og pålegg. Styremedlemene bør prøve å halde seg orienterte om haldningar og meiningar rundt om i heile skulemiljøet.
Ketil Jarl Halse
1. Ketil Jarl Halse (52), amanuensis, AMF. Har deltatt ein del i styre og stell ved høgskulen: rektor og prorektor ved MRDH, dekanus ved AMF, linjeleiar mediefag m.m. og ei mengd komitear og utgreiingsgrupper. Er leiar av Rådet for anvendt medieforskning (under kulturdepartementet) og medlem av Kringkastingsrådet.
2.Eg har tru på tradisjonar og er skeptisk til lettvinte, marknadsretta papirløysingar. Møreuniversitet? - helst ikkje. Tilsett toppleiing? - helst ikkje. Eg saknar ein aktiv debatt om høgskulens framtid. Kva vil vi med høgskulen, kva skal vi meine om Mjøs-utvalet sine mange tilrådingar, på kva måtar er vi spesielle og korleis skal vi tenkje annleis og markere oss nasjonalt. Voldamiljøet må ikkje bli eit passivt haleheng der "dei andre" bestemmer kursen for oss.
Våre beste ambassadørar er nøgde studentar. Alle tilsette bør melde seg i konkurransen om å heve kvaliteten på studietilboda våre - og vinnarane bør premierast! Vi må få eit studenthus og høgskulen må vektlegge undervisningsinnsats, studentorientering, service og arbeid med fagutvikling.
Skjerming av tilsette frå undervisning vil gi betre utnytting av høgskulens forskingsressurs. Men samtidig må vi unngå at forsking og undervisning skiljer lag: "forskarane" må yte sitt til undervisinga, "undervisarane" må yte til forsking og fagutvikling. Forsking og fagutvikling skal også vere investering i studiekvalitet.
Så eit meir realistisk prosjekt: tenk om vi kunne få rydda marka nord om vegen mellom Strøm og Berte Kanutte? Kanskje til og med laga plen og fått ei ordning for klipping! Det same gjeld brakkebyen ved Kaarstad aust og gangvegen mellom Kaarstad og Berte Kanutte - .
3. Styret skal gjere vedtak på vegner av heile høgskulen, framtidsretta og visjonært (oj,oj!). Men avstanden mellom dei store vyene og kvardagen må ikkje bli for stor. Av og til lever kvardagen på tvers av visjonane, og daglege avgjerder kan føre mot feil mål. Dersom vegen blir til mens vi går, må styret også kunne gripe inn i den daglege marsjen.
Eg har tru på konsensus - men når alle er samde, er det ingen som tenkjer. Difor er det viktig at styret er ein arena der flest mogleg av synspunkta i fagmiljøa kjem til uttrykk. Dette er ein føresetnad for styret sin legitimitet - reell konsensus må bygge på ein fri og open debatt.
Kåre Heggen
1. Eg er førsteamanuensis og dr. polit. i pedagogikk, arbeider ved Institutt for sosialfag og har vore tilsett ved høgskulen sidan 1973. I nokre år på 80- og 90-talet arbeidde eg som forskingskoordinator og forskingsleiar ved Møreforsking. Sidan 1994 har eg vore dekanus ved Avd. for samfunnsfag.
2. Dei viktigaste utfordringane er å betre kvaliteten på ein del av utdanningstilboda, skape nokre nye tilbod og å betre vilkåra for forskingsverksemda ved høgskulen.
- Vi treng ein kontinuerleg diskusjon om studiekvalitet og læring. Studentane har endra seg dei siste åra, og vi må tenkje gjennom korleis undervisninga kan leggjast opp for å betre læreprosessane.
- Tilbodet innan etter- og vidareutdanning, ikkje minst basert på Internett og fjernundervisning, må styrkast. Det må og utviklast fagtilbod i høgda (mastergrad eller hovudfag) på fagområde der høgskulen har høg kompetanse. Ein må og sjå korleis nye fagtilbod kan utviklast i grenseområda mellom tradisjonelle fag og avdelingar (t.d. media/lærarutdanning/sosialutdanning).
- Betra utnytting av forskingsressursen ved HVO føreset særleg styrka rettleiingsfunksjonar og eit meir effektivt samarbeid mellom HVO og Møreforsking.
3. Styret må først og fremst både prege og bli meir prega av dei faglege diskusjonane og initiativa i høgskulen. Styret si oppgåve må vere å fange opp og vidareføre faglege og organisatoriske diskusjonar blant tilsette og studentar, men og å sørge for vedtak som startar slike diskusjonar innad i HVO. Dette har lett for å bli to nivå utan særleg kontakt. I så fall kan det lett føre til at faglege initiativ i høgskulen ikkje blir ført vidare, og dermed ein høgskule utan utviklingskraft.
Birger Løvlie
1. Eg er 54 år, opphaveleg frå Tvedestrand. Fagkrinsen er teologi og pedagogikk. Eg underviser for tida for det meste i kristendomshistorie. Eg har vore pastor og avdelingsleiar i Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja og vart tilsett ved HVO (Lærarhøgskulen) i 1985.
2. Kva er viktige utfordringar for HVO framover?
Den fyrste utfordringa ligg i at høgskulen skal vere eit senter for kunnskap og danning. Den neste ligg i at kvart fagmiljø må stimulerast til arbeid med formidlinga av fagkunnskapen - med utgangspunkt i særprega til dei ulike utdanningane. Den tredje utfordringa ligg i å skape forståing for skilnaden på student og lærar. Den fjerde utfordringa er korleis vi som høgskule kan nyttiggjere oss den kompetansen på livet og døden som vi har på sjukehuset i Volda. Den femte utfordringa ligg kanskje i å halde meg utanfor styret.
3. Kva rolle styret skal ha i den vidare utviklinga av HVO.
Den neste perioden bør konsentrerast om ein og annan flyttesjau. Først bør alle O-saker flyttast ned på saklista, og dei fagleg-pedagogiske sakene flyttast opp. Så bør administrasjonen flyttast ned i første høgda i Berte Kanuttehuset. Vidare bør administrative saker flyttast oppover. No vert dei fleste sende "nedover" til dei fagleg tilsette. Alternativet er å syte for meir sekretærhjelp på avdelings - og instituttnivå.
Sigrun Meisingset
Brit Loven Ølnes
--------------
KANDIDATAR FOR GRUPPA TEKNISK OG ADMINISTRATIVT TILSETTE
Torill Engeseth
Eg har sidan 1994 vore tilsett ved Høgskulen i Volda, først ved arkivet, deretter som kurskonsulent ved Kontor for etter- og vidareutdanning. Sidan 1995 har eg vore opptakskansvarleg i studieadministrasjon. Før eg kom til HVO har eg hatt ulike stillingar i privat, statleg og kommunal sektor, m.a. har eg vore tilsett som sekretær for Hovudutval for teknisk sektor i Ørsta kommune og sekretær i Møre og Romsdal høgskulestyre. Eg har utdanning i Kommunal planlegging og administrasjon, Psykologi grunnfag og IT. Dei siste åra har eg hatt styreverv i NTL - der eg også har vore leiar. Som opptaksansvarleg v/HVO kjenner eg organiseringa av alle studietilbod ved høgskulen, og har følgt utviklinga i søkjartala svært nøye både ved vår eigen høgskule og elles i universitet- og høgskulesektoren.
Viktige utfordringar for HVO i tida framover er å kunne omstille seg i takt med etterspurnaden i marknaden samstundes som ein tek vare på viktige profesjonsutdanningar og einskildstudium med potensiale for utvikling. Sviktande søkjartal gjer det heilt naudsynt for høgskulen å gjere kontinuerlege tilpassingar. Eg meiner at høgskulen sitt allsidige fagmiljø må utnyttast langt betre til å få i stand fleire typar nye studium på tvers av faggrenser og avdelingar. Eit samarbeid der faglege ressursar vert betre utnytta, vil gjere det mogleg å skape nye og attraktive studietilbod som eg er overtydd om vil auke søknaden til HVO.
Faglege omleggingsprosessar vil også ha konsekvensar for dei teknisk-administrativt tilsette, og det må takast omsyn til dette viktige støtteapparatet i den strategiske planlegginga. Det må leggast godt til rette for at alle tilsette ved HVO kan "trekke lasset i lag" for å få ein betre høgskule både når det fagleg nivå, service mot studentane og arbeidsmiljø. Som aktuell representant i styret for gruppa teknisk-administrativt personale er dette ei av sakene eg vil arbeide aktivt for.
HVO treng eit styre som held seg godt orientert om høgskulen sin situasjon. Styret skal setje klare mål og ta viktige avgjerder for høgskulen si vidare utvikling. Etter at saker har vore demokratisk handsama i fagmiljø og avdelingar, må styret gjere nødvendige (også upopulære) vedtak for å sikre framgang for høgskulen. Styret har ansvar for sikre nødvendige økonomiske rammer til å dekke avdelingane sine behov og sikre at vedtak kan gjennomførast i praksis.
Leif Roar Strand
Han har gitt oss følgjande URL:
http://www.lstrand.no/valgkamp.htm
Ragne Ørstavik Sørheim
er cand.mag. med 2-årig Informasjonsstudium og 2-årig Kommunal planlegging og administrasjon. Eg har vore tilsett ved HVO sidan 94 og arbeidd som kurskonsulent v/Kontoret for etter- og vidareutdanning (KEV) sidan 1995.
Interesse for organisasjonsutvikling og eit ønskje om å medverke positivt i høve til tilsette sin medråderett, har ført til at eg har vore aktiv i verv like lenge som eg har vore tilsett; forhandlingsdelegasjonar, styreverv og tillitsvald/leiar i ELF/YS 1994 - 00, medlem i tilsetjingsråd 1996 - 99 og varamedlem for teknisk/administrative tilsette i Høgskulestyret 1997-2000.
Med denne bakgrunnen og ved at KEV er ein slags "smeltedigel" i høgskulen, har eg tileigna meg eit godt overblikk og ein breiddekunnskap om dei fleste delar av verksemda vår. Dette må vere vesentlege eigenskapar i høve det å skjøtte styrevervet. I inneverande styreperiode har eg dessutan møtt som representant ved fleire høve, så eg har god kjennskap til kva vervet inneber. Eg vil legge vekt på å:
- vere aktiv og informasjonssøkande
- vere sakleg, ryddig og konstruktiv
- medverke til eit godt samarbeidsklima og lagarbeid
- vere open og føre dialog med kollegaer (formøte!)
- kjempe for saker som er viktige for høgskulen generelt og det teknisk/administrative personalet spesielt.
Det er fleire pågåande reformer i utdanningssektoren som stiller store krav og utfordringar til oss som kunnskapsverksemd. Dette gjeld både interne organisatoriske tilhøve og ekstern posisjonering, for å styrke konkurranseevna og innfri studentane og arbeidslivet sine krav til kvalitet og fleksibilitet. Vi må evne å omstille og omstrukturere oss, og å prioritere vala våre tydelegare. Dette må gjerast på ein slik måte at dei tilsette får styrkt sin identitet og lojalitet til høgskulen. Å få ein samla høgskule der alle arbeider mot same målet, utan dei store fag- og profesjonsstridane, må vere den optimale utfordringa!
Styret si rolle i den vidare utviklinga er å prioritere, styre og vere pådrivar for å få gjennomført dei omstillingar og omstruktureringar som er naudsynte, sjølv om dette vil gjelde både populære og mindre populære avgjerder.
Johann Wangen