Styremøte onsdag 29. april

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Styre skal på neste møte drøfte budsjettet for 1999, som inkluderer både budsjettforslag og framtidige satsingsforslag. Det viser seg at HVO, i år som tidlegare år, har lite å seie om omdisponering og nye tiltak innanfor ramma, men har omfattande planar om nye tiltak utanfor ramma. Høgskulen er altså ekspansiv i si tenking, mens tendensen dei siste åra har vore innstramming. Det blir spennande å sjå om den nye regjeringa greier å snu denne tendensen. Andre saker på dagsordenen er:

· Rammeavtale mellom Møreforsking og HVO
· Oppnemning av styre for Ivar Aasen-institutttet
· Nytt økonomisystem
· Røykfri høgskule


-rektor

Del på