Studietilbod våren 1999
STUDIETILBOD VÅREN 1999
HISTORIE STORFAG (10 vt)
Storfaget vert bygt opp omkring emnet "Lokale, regionale, nasjonale og etniske
identitetsoppfatningar". Storfaget kan også etter søknad brukast som 1. semester i eit hovudfag.
Tilbodet er utan studieavgift. Opptaksgrunnlag: Historie mellomfag. Studiestad: Høgskulen i Volda.
Studiestart: Medio januar 1999. Eksamen: Mai/juni 1999.
Fagleg ansvarleg: Førsteamanuensis Atle Døssland (70 07 50 88)
NORSK (NORDISK) STORFAG (10 vt)
Storfaget vert bygt opp omkring eit avgrensa emne innanfor norsk (nordisk) språk og/eller
litteratur. Gjennom arbeid med eit sjølvvalt prosjekt skal studenten vinne djupare innsyn i faget og
dessutan få ei viss øving i vitskapleg arbeidsmåte. Storfaget kan også etter søknad brukast som 1.
semester i eit hovudfag.
Tilbodet er utan studieavgift. Opptaksgrunnlag: Norsk mellomfag. Studiestad: Høgskulen i Volda.
Studiestart: Medio januar 1999. Eksamen: Mai/juni 1999.
Fagleg ansvarleg: Førsteamanuensis Geir Hjorthol (70075104)
EX. PHIL. (5 vt)
Dette er ei prøve som studentane vert rådde til å ta i sitt første studiesemester, og då gjerne i
kombinasjon med eit anna studium. Fullført eksamen gir 5 vekttal, og kan inngå som ein del av ein
cand.mag.-grad.
Examen philosophicum skal gje eit kunnskapsmessig grunnlag for vidare universitets- og
høgskulestudiar. Studiet har tre disiplinar som ein studerer samstundes; filosofihistorie,
vitskapsfilodofi og logikk. Filosofi er grunnlaget for alle vitskapar, og vitskapsfilosofi og logikk er
nødvendige hjelpemiddel for å forstå strukturen i vitskapleg tenking. Vitskapsfilosofien tek også
opp grunnlagsproblem i dei einskilde vitskapane. Inntil vi får godkjent vår eigen studieplan, vil
studieplanen til Universitetet i Bergen verte nytta.
Seinare kan det også vere aktuelt å etablere eit 5 vekttals
påbyggingsstudium, examen facultatum, ved HVO, som eit valfritt studium i cand. mag. graden.
Dette er eit førebuande studium som er retta mot studia ved den einskilde avdeling.
Undervisninga i studiet vert lagd til vårsemesteret med avsluttande eksamen i mai 1999. Ikkje
studieavgift.
KRISTENDOMSKUNNSKAP MED RELIGIONS- OG LIVSSYNSORIENTERING (KRL)
FJERNUNDERVISNING (10 vt)
Dette studiet er m. a. aktuelt for lærarar som ønskjer å kvalifisere seg betre for det nye KRL-faget
i grunnskulen. Studiet er organisert som fjernundervisning over tre semester, basert på 6 modular
som tilsvarar hovudemna. Kvar modul omfattar eitt studiebrev og eitt weekend-kurs.
Weekend-kursa er frivillige innføringskurs for kvar modul.
Høgskulen krev materiellavgift for dei to fyrste semestera og vanleg studieavgift i
eksamenssemesteret. Spørsmål kan rettast til instituttstyrar Birger Løvlie(tlf. 70075165) eller
koordinator Knut Gjengedal (tlf. 70075096)"
FELLES SØKNADSFRIST: 14. desember 1998
Kontakt med Torill Engeseth på tlf. 70 07 51 12 eller Stig Årdal på tlf. 70 07 51 20, for mei
informasjon om desse studietilboda. Studieplan og søknadsskjema får du tilsendt ved å kontakte
sentralbordet.