STUDENTVEKA 2002
Studentveka i Volda (i år 1. - 9. februar) er ei tilstelling som vert arrangert kvart einaste år av studentar ved Høgskulen i Volda, rundt månadsskiftet januar/februar. Veka er den største kulturhendinga i Møre og Romsdal etter MoldeJazzen, og hentar kvart år fleire spanande band, kjende artistar og interessante foredragshaldarar til bygda med 8000 innbyggjarar
Revyen
Vekerevyen kan seiast å vere den aller viktigaste tilstellinga under StudentVeka i Volda, og også under Veka 02 er revyen sjølve berebjelken. Under årets Veke vil revyen halde 5 forestillingar totalt, alle i Samfunnshuset i Volda, og billettane til desse vil tradisjonen tru vere blant dei vanskelegaste å få tak i.
Meir om programmet her:
http://www.veka.nu/