Stipendiat innan pasientopplæring/pasientinfo

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Helse Sunnmøre HF er ei eining under Helse Midt-Norge RHF.Organisasjonen består av Ålesund sjukehus,Volda sjukehus,Mork Rehabiliteringssenter og Nevrohjemmet Rehabiliteringssenter.Føretaket har til saman ca 2300 stillingsheimlar.Helse Sunnmøre HF er eit differensiert helseføretak som kan tilby behandling innanfor dei fleste spesialitetar innan somatikk og psykiatri.Har eigne barnehagar og bustadar. Helse Sunnmøre er frå 2002 ei inkluderande arbeidslivsverksemd. Vi tilbyr eit røykfritt arbeidsmiljø.

Stipendiat innanpasientopplæring/pasientinformasjon

Ved Helse Sunnmøre er det ledig ei 3-årig stipendiatstilling innan området pasientopplæring/pasientinformasjon/helsepedagogikk. Stillinga vil bli knytt til nyoppretta kompetansesenter for pasient- informasjon og pasientopplæring i Volda.Senteret er eit samarbeidstiltak mellom Helse Sunnmøre og Høgskulen i Volda.

Viktige oppgåver for senteret er:
· Å utvikle informasjons-og opplæringstilbod
· Yte praktisk bistand til helsepersonell av ulike slag som t.d.video,film, animasjon,pedagogiske hjelpemiddel,undervisningsmateriell
· Evaluere informasjons-og opplæringstiltak m.a.gjennom brukarundersøkingar
· Gi råd og rettleiing,lære opp helsepersonell
· Fungere som informasjonssenter
· Initiere forsking og fagleg utvikling på området

Volda har eit solid tverrfagleg miljø som dannar grunnlaget for senteret. Viktige samarbeidspartnarar vil vere fagfolk innan mediefag, pedagogikk,samfunnsfag og helsepersonell knytt til helseføretaket. Prosjektet skal føre fram til doktorgrad og stipendiaten skal difor koplast til eit doktorgradsprogram med rettleiing.
Lønn etter avtale.

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til prosjektleiar Jan Ole Bolsø,tlf.70 07 51 79,mobiltlf.909 38 487, eller Jonny Eikrem,tlf.70 05 84 17.

Søknader med rettkjende kopiar av vitnemål/attestaar skal sendast i 3 eksemplar til Helse Sunnmøre HF,Volda sjukehus,Kløvertunv.1, 6100 Volda.

Søknadsfrist:15.november 2002.

Del på