Statsbudsjettet
Korrigert for tekniske justeringar i budsjettet, som til dømes overføring av budsjettpostar mellom ulike departement, er auken på 8,7 prosent.
- Utdanning og forskning er prioriterte områder i årets statsbudsjett. Neste år er det spesielt viktig å sikre midler til gjennomføringen av Kvalitetsreformen i høyere utdanning og en videre opptrapping av forskningsinnsatsen. I grunnopplæringen prioriteres tiltak som kan fremme kvaliteten på læringsutbyttet og læringsmiljøet, samt arbeidet med Regjeringens moderniseringsprogram for grunnskolen og videregående opplæring, sier utdannings- og forskningsminister Kristin Clemet.
Dette er dei viktigaste framlegga i budsjettforslaget:
·Meir midlar til Kvalitetsreforma i den høgare utdanninga. Universitets-og høgskulesektoren får ei samla løyving til Kvalitetsreforma på 510 millionar kroner, som er ein auke på 220 millionar i forhold til 2002. Løyvinga til forsking i universitets- og høgskulesektoren blir styrkt med 187 millionar kroner utover dei 350 millionane som blei løyvde i 2002.
·Meir til dei private høgskulane. Løyvinga til dei private høgskulane blir auka med om lag 30 millionar kroner. Styrkinga skal gå til nye rekrutteringsstillingar, forskingsmidlar i det nye finansieringssystemet, styrking av undervisningsfinansieringa og gjennomføring av Kvalitetsreforma.
·Auka satsing på kvalitet i norsk forsking. Løyvinga til langsiktig grunnleggjande forsking gjennom Noregs forskingsråd blir styrkt med vel 425 millionar kroner. Midlane skal mellom anna gå til dei 13 nye sentra for framifrå forsking, ei ny satsing på framifrå unge forskarar og vitskapleg utstyr. Regjeringa legg òg fram forslag til ny organisering av Noregs forskingsråd.
·Den samla satsinga på forsking i heile statsbudsjettet blir om lag 12,3 milliardar kroner, ein auke på om lag 640 millionar kroner i høve til 2002. I tillegg kjem ei skattelette på om lag 400 millionar kroner som følgje av at ordninga med skattefrådrag for FoU-investeringar blir utvida til å omfatte alle verksemder. Kapitalen i Forskingsfondet blir auka med tre milliardar kroner i 2003. Det gir ein auke i avkastinga på om lag 180 millionar kroner i 2004.
·Satsing på kvalitetsutvikling i grunnopplæringa. Det blir løyvd om lag 380 millionar kroner til kvalitetsfremjande tiltak i grunnopplæringa. Betre opplæring i basisfaga, kompetanseutvikling for lærarar, utviding av ordninga med bonus- og demonstrasjonsskular og tiltak mot uro og problemframferd i skulen er prioriterte tiltak i satsinga.
·Ny støtteordning for elevar i vidaregåande opplæring. Det blir løyvd 50 millionar kroner ekstra til ei ny støtteordning for unge elevar i vidaregåande opplæring. Ordninga inneber ei ny og meir målretta stipendordning, der ein legg vekt på omsynet til familiar med svak økonomi. Ordninga skal òg omfatte eit stipend til læremiddel.
·Som ei oppfølging av Stortinget sitt vedtak om å endre studiefinansieringa, med verknad frå 1. november 2002, kjem løyvingane til studiefinansiering samla til å auke med om lag 900 millionar kroner på årsbasis.
--------
510 MILLIONAR TIL KVALITETSREFORMA
Gjennomføringa av Kvalitetsreforma er ei hovudprioritering i budsjettet for 2003 for området høgare utdanning. Totalt er det foreslått ei løyving på 510 millionar kroner til Kvalitetsreforma. Samla er det foreslått å løyve 17,3 milliardar kroner til høgare utdanning. Det gir ein auke på om lag 7,3 prosent samanlikna med saldert budsjett for 2002. Regjeringa foreslår å etablere nytt tannlegestudium ved Universitetet i Tromsø.
Regjeringa foreslår å løyve 510 millionar kroner til gjennomføring av Kvalitetsreforma. Det er ein auke på om lag 220 millionar kroner samanlikna med inneverande år. Midlane skal nyttast til å innføre nye og fastare studieløp, ny gradsstruktur, meir studentaktiv undervisning, nye vurderingsformer og ei generell heving av kvaliteten på studietilboda.
Av løyvinga til Kvalitetsreforma er 2 millionar kroner sett av til produksjon av lærebøker for blinde og svaksynte studentar. Det blir vidare løyvd 11,3 millionar kroner til Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT), som kjem i tillegg til budsjettmidla som blir overførte frå Noregsnettrådet.
Regjeringa foreslår å auke den strategiske forskingsløyvinga ved universiteta og høgskulane til 537 millionar kroner, som er 187 millionar kroner meir enn budsjettet for inneverande år.
Det blir oppretta 200 nye doktorstipendiatstillingar. Av dei går 147 til universitet og vitskaplege høgskular, 40 til statlege høgskular, ni til private høgskular, to til stipendprogrammet for kunstnarleg utviklingsarbeid og to til Universitetsstudia på Svalbard.
I budsjettet for 2002 blei det løyvd 15 millionar kroner til eit nytt forskingsprogram for statlege høgskular under Noregs forskingsråd. Departementet foreslår ytterlegare 15 millionar kroner til forskingsprogrammet, slik at det samla får ein storleik på 30 millionar kroner i 2003. For å styrkje universiteta og høgskulane sitt bidrag til FoU-relatert innovasjon har Utdannings- og forskingsdepartementet prioritert å løyve 12 millionar kroner til FORNY-programmet og 3,5 millionar kroner til MOBI-programmet. I samband med at det blir innført eit nytt system for å finansiere privat høgskuleutdanning, foreslår Regjeringa òg å auke tildelinga til forsking til private høgskular med 10 millionar kroner.
Som ei oppfølging av Stortinget sitt vedtak om endringar i studiefinansieringa, gjort gjeldande frå 1. november 2002, kjem løyvingane til studiefinansiering samla til å auke med om lag 900 millionar kroner på årsbasis. Samstundes gjer Regjeringa framlegg om å avvikle reisestipendordningane i Noreg og Norden for elevar og studentar, med unntak av unge elevar i ordinær vidaregåande opplæring.
Departementet vil løyve 6 millionar kroner til Artsdatabanken. Han skal etablerast ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet og skal gi elektronisk oversyn over dei biologiske artane i landet.
Departementet foreslår å føre vidare midlar til vitskapleg utstyr som blei lagde inn i budsjettet i 2002. I tillegg blir det gitt ein auke på 27 millionar kroner i utstyrsmidlar til Noregs landbrukshøgskole og Noregs veterinærhøgskole.
Regjeringa foreslår å etablere eit nytt tannlegestudium ved Universitetet i Tromsø. Det er foreslått å løyve 1,7 millionar kroner til å førebu det nye studietilbodet i odontologi i Tromsø. Departementet legg opp til ein integrert modell der den fylkeskommunale tannhelsetenesta i Troms byggjer opp og driv den odontologiske universitetsklinikken. Departementet tek sikte på å gradvis byggje opp kapasiteten i studiet frå 2004. Det føreset at det blir sett fart på arbeidet med å etablere eit kompetansesenter i regionen som kan danne grunnlaget for et fagmiljø for den nye utdanninga. Regjeringa foreslår at det blir løyvd 5 millionar kroner over Helsedepartementet sitt budsjett til å byggje opp eit slikt kompetansesenter.
Det er foreslått å føre vidare løyvinga på 3 millionar kroner til Museumsprosjektet. Museumsprosjektet skal gi nasjonal tilgang til informasjon om kultur- og naturarven vår gjennom å digitalisere vitskaplege samlingar ved universiteta.
--------
Styrkt grunnforsking og auka forskingsinnsats i næringslivet
Regjeringa styrkjer løyvingane til prioriterte forskingsområde. Løyvingane til langsiktig, grunnleggjande forsking blir foreslått auka med over 600 millionar kroner. Kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping aukar med 3 milliardar kroner. Ordninga med skattefrådrag for FoU-utgiftene til næringslivet blir utvida til å gjelde alle bedrifter.
Løyvingane til langsiktig grunnleggjande forsking gjennom Noregs forskingsråd aukar med vel 425 millionar kroner, inkludert avkastinga frå Forskingsfondet. Veksten omfattar ei auka satsing på vitskapleg utstyr på 93 millionar kroner og ei utviding av satsinga på funksjonell genomforsking (FUGE) med 50 millionar kroner til 150 millionar kroner. Vidare foreslår Regjeringa ny satsing på «Framifrå unge forskarar» (FUF) med 20 millionar kroner og styrking av forskinga på nye materiale med 30 millionar kroner. Ein stor del av veksten i 2003 skal òg gå til dei 13 nye sentra for framifrå forsking (SFF). Som eit ledd i satsinga på kvalitet i forskinga foreslår Regjeringa dessutan å auke tilskotet til Senter for grunnforskning, tidlegare Senter for høyere studier.
Regjeringa gjer framlegg om å auke kapitalen i Forskingsfondet med 3 milliardar kroner i 2003. Den totale fondskapitalen blir med det 30 milliardar kroner – 14 milliardar av dei er kompensasjon for bortfall av tippeinntekter til forsking. Styrkinga av Forskingsfondet kjem til å gi rundt 180 millionar kroner i auka avkasting i 2004.
Dei direkte forskingsløyvingane til universitet og høgskular aukar med 187 millionar kroner. Veksten går til strategiske forskingsmidlar, vitskapleg utstyr og 200 nye doktorgradsstipendiatstillingar. Universitets- og høgskulesektoren får eit samla tilskot til Kvalitetsreforma på 510 millionar kroner, ein auke på 220 millionar kroner i forhold til 2002.
For å stimulere til auka forskingsinnsats i næringslivet foreslår Regjeringa å utvide ordninga med skattefrådrag for FoU-investeringar til å omfatte alle verksemder. Utvidinga inneber ein auke i årleg skattelette for næringslivet på rundt 400 millionar kroner.
Samtidig styrkjer Regjeringa satsinga på forskingsbasert nyskaping og kommersialisering med vel 50 millionar kroner over budsjetta til fleire av departementa. Satsinga omfattar mellom anna auka midlar til FORNY, DEMO 2000 og oppretting av eit nytt innovasjonsprogram for marin verdiskaping.
Regjeringa foreslår òg å styrkje forsking innanfor alle dei fire tematiske områda marin forsking, informasjons- og kommunikasjonsteknologi, medisinsk og helsefagleg forsking og forsking i skjeringspunktet mellom energi og miljø. Styrkinga skjer over budsjetta til fleire av departementa, som Fiskeridepartementet, Nærings- og handelsdepartementet, Samferdsledepartementet, Helsedepartementet og Olje- og energidepartementet.
Regjeringa legg fram forslag til ny organisering av Noregs forskingsråd. Dei seks områda til Forskingsrådet skal erstattast av ei avdeling for fag- og disiplinutvikling, ei avdeling for innovasjon og brukarinitiert forsking og ei avdeling for strategiske satsingar. Forskingsrådet får eit mindre og sterkare hovudstyre, og avdelingsstyra blir tett knytte til hovudstyret. Forskingsrådet får ansvar for å utvikle modellen.
Regjeringa går inn for norsk deltaking i EUs sjette rammeprogram for forsking, som startar opp i 2003 og fører til norske kontingentplikter på over 2 milliardar kroner i programperioden. Deltakinga i EUs rammeprogram er eit viktig bidrag for å internasjonalisere og kvalitetssikre norsk forsking. Samtidig er det nye rammeprogrammet sentralt i arbeidet med å utvikle eit felles europeisk forskingsområde (European Research Area – ERA).
Med i utrekninga av den totale veksten i forskingsløyvingane ligg det enkelte forhold som er med på å redusere budsjettet for 2003. Bygginga av det nye forskingsfartøyet etter «G.O. Sars» er i sluttfasen, og løyvinga går dermed ned med 252 millionar kroner. På grunn av budsjettekniske endringar er også tilskotet til EUs rammeprogram for forsking monaleg redusert. Endringane får ikkje noko å seie for den norske deltakinga i rammeprogrammet, men reduserer forskingsløyvingane med 208 millionar kroner.
Samla sett er veksten i forskingsløyvingane i 2003 på vel 640 millionar kroner, eller 5,5 prosent. Korrigert for redusert tilskot til havforskingsfartøy og EUs rammeprogram er veksten på 9,2 prosent. I tillegg kjem utvidinga av skatteordninga for næringslivet sin FoU-innsats, som inneber ein årleg lette for næringslivet på rundt 400 millionar kroner.
------
NY STØTTEORDNING FOR VIDAREGÅANDE OPPLÆRING
Regjeringa foreslår å innføre ei ny støtteordning frå undervisningsåret 2003–2004 for unge elevar med rett til vidaregåande opplæring. Det blir foreslått å løyve 50 millionar kroner ekstra i budsjettet for 2003 til dette. Ordninga skal i stor grad vere behovsprøvd og retta mot elevar frå familiar som treng det mest. Ordninga skal ta omsyn til dei utgiftene elevane har i samband med kjøp av læremiddel.
Det er eit mål for Regjeringa å ha ei utdanningsstøtteordning som er målretta, og som tek omsyn til ulike elev- og studentgrupper. I den nye ordninga skal det ikkje vere mogleg å låne pengar til vidaregåande opplæring, med unntak av lån til å dekkje skulepengar ved private skular. Etter regjeringa sitt syn er det problematisk at unge personar kan opparbeide seg gjeld til det offentlege for å ta vidaregåande opplæring. Det blir det kompensert for gjennom ei meir målretta stipendordning.
Av omsyn til det samla budsjettopplegget er det foreslått å avvikle reisestipendordningane i Noreg og Norden for elevar og studentar, med unntak av unge elevar i ordinær vidaregåande opplæring.
Regjeringa foreslår å fjerne psykologi og teknologiske fag på bachelornivå frå lista over fag som gir rett til gebyr- og tilleggsstipend.
Vaksenopplæring
Kompetansereforma står sentralt i Regjeringa sitt arbeid med å realisere målet om livslang læring for alle. Det kjem til å bli etablert eit nasjonalt system for dokumentasjon og verdsetjing av realkompetanse hausten 2002. Til saman blir det foreslått løyvd 1665 millionar kroner til vaksenopplæring, folkehøgskular og fagskuleutdanning.
Erfaring viser at ved å kombinere norskopplæring for innvandrarar med arbeid, oppnår ein både at dei lærer betre norsk fortare, og at dei blir lettare integrerte i arbeidslivet. Regjeringa foreslår derfor å løyve 20 millionar kroner i 2003 for å stimulere verksemder til å utvikle opplegg som kombinerer norskopplæring og arbeid for innvandrarar.
Kompetanseutviklingsprogrammet har som formål å utvikle marknaden for etter- og vidareutdanning gjennom samarbeidsprosjekt mellom arbeidslivet og utdanningssektoren. Av omsyn til det samla budsjettopplegget er løyvinga foreslått redusert frå 100 til 60 millionar kroner i 2003.
Departementet kjem i 2003 til å arbeide vidare med å systematisk skaffe seg eit betre kunnskapsgrunnlag for utforminga av vaksenopplæringspolitikken. Mellom anna skal Noreg delta i ei internasjonal undersøking av vaksne sin dugleik når det gjeld lesing, rekning, bruk av IKT og evne til å løyse praktiske problemstillingar.
Regjeringa foreslår å fjerne tilskotet til norskopplæring for asylsøkjarar som ikkje har positivt vedtak om busetjing. Dei som derimot bur i mottak med positivt vedtak, skal framleis få tilbod om norskopplæring. Like eins foreslår Regjeringa å avvikle tilskotet til fjernundervisningsinstitusjonane frå og med 2003. Løyvinga til studieforbund er foreslått redusert med om lag 17 millionar kroner i 2003.
Statleg utdanningsadministrasjon
Det er vedteke å innlemme dei statlege utdanningskontora i fylkesmannsembetet frå 1. januar 2003. På bakgrunn av departementet sitt arbeid med å modernisere den statlege utdanningsadministrasjonen kjem ein i 2003 til å arbeide vidare med å vurdere rolla og arbeidsoppgåvene til dei statlege utdanningskontora.
------
SATSING PÅ KVALITET OG LOKAL HANDLEFRIDOM
Arbeidet med kvalitetsutvikling er hovudpunktet i Regjeringa sitt opplegg for grunnskulen og den vidaregåande opplæringa. Det høge aktivitetsnivået på dette området blir halde fram med ei løyving på 380 millionar kroner. Den samla løyvinga til grunnskule og vidaregåande opplæring over budsjettet til Utdannings- og forskingsdepartementet er på 2,5 milliardar kroner.
Spesielt viktig er det å styrkje opplæringa i basisfaga norsk og matematikk. For inneverande skuleår er det allereie bestemt å auke timetalet i norsk med til saman tre timar per veke i gjennomsnitt på småskuletrinnet for å styrkje lese- og skrivedugleiken til elevane. No gjer Regjeringa framlegg om å gi stipend for vidareutdanning av lærarar i norsk og matematikk. Det skal òg lanserast ein nasjonal strategiplan for å styrkje stillinga til realfaga i skulen. For å fremje leselysta blant elevane kjem Regjeringa til å styrkje kompetansen i å bruke skulebiblioteka.
Demonstrasjons- og bonusskular er møtte med stor interesse frå skular over heile landet og er ein viktig del av kvalitetsarbeidet. Ordninga stimulerer til initiativ og bruk av lokal handlefridom. Regjeringa ønskjer at dette skal halde fram i året som kjem, og vil i tillegg vurdere å utvide ordninga til òg å gjelde for lærebedrifter. I samarbeid med Kommunenes Sentralforbund kjem Regjeringa til å lyse ut ein eigen kvalitetspris til gode skuleeigarar.
Innsatsen i arbeidet mot mobbing, vald og rasisme skal styrkjast. Alle kommunane i landet får innan utgangen av 2003 tilbod om å vere med i Olweus-programmet. Dette programmet er eit spesielt tiltaksprogram mot mobbing og problemframferd.
Regjeringa satsar framleis sterkt på IKT i utdanninga. I 2003 blir følgjande hovudområde prioriterte:
- Utvikling av ein nasjonal utdanningsportal. Portalen skal gi ein felles inngang til norsk utdanning og ulike utdanningsressursar på nettet. Formålet er tredelt: å bidra til å auke kvaliteten på norsk utdanning, å vere ein katalysator for å auke bruken av IKT og nye læringsformer i skulen og å stimulere fleire til å ta utdanning.
- Alle dei vidaregåande skulane i landet skal innan utgangen av 2003 sikrast gode marknadstilbod om breibandtilknyting. Eit eige program for breibandtilknyting blir lansert hausten 2002 og følgt opp i 2003.
- Kompetanseutvikling av lærarar og auka vektlegging av IKT i lærarutdanninga. Den samla løyvinga til IKT-tiltak over UFD sitt budsjett er på om lag 280 millionar kroner.
For å stimulere skuleeigarane til å gjennomføre ei særskilt satsing på å ruste opp skuleanlegg vil Regjeringa vidareføre ordninga med å gi tilskot til kommunesektoren som skal dekkje renteutgifter for lån til skuleanlegg. For 2003 er låneramma sett til éin milliard kroner, og tilskotet til rentekompensasjon blir løyvd over Kommunal- og regionaldepartementet sitt budsjett. For 2002 og 2003 er låneramma på til saman tre milliardar kroner.
Som ein del av Regjeringa sin tiltaksplan mot fattigdom blir det gjort framlegg om ei ny løyving på åtte millionar kroner til førebyggjande tiltak for å hindre fråfall frå den vidaregåande opplæringa. Dette handlar mellom anna om å vidareutvikle oppfølgingstenesta.
Tilskotet til leirskuleundervisning blir innlemma i rammetilskotet til kommunane med verknad frå 1.januar 2003. I rammetilskotet skal det i tillegg liggje 60 millionar kroner som skal dekkje elevane sin eigendel for slike opphald.
Også tilskotet til skulefritidsordninga (SFO) blir foreslått innlemma i rammetilskotet – her med verknad frå 1.august 2003. Samtidig foreslår Regjeringa å redusere tilskotet til SFO med 217 millionar kroner, noko som kan føre til at foreldrebetalinga aukar.
Regjeringa vidarefører tilskotet til musikk- og kulturskulane, og nivået er det same som for 2002. Det særskilde tilskotet til utvikling av desse skulane blir derimot foreslått avvikla. Det same gjeld tilskotet til private toppidrettsgymnas.
Det er i all hovudsak kommunesektoren sine frie inntekter, det vil seie skatt og rammetilskot, som finansierer skulane. Øyremerkte tilskot til skulen over Utdannings- og forskingsdepartementet sitt budsjett utgjer om lag éin prosent av dei samla inntektene til sektoren. Kommunane rapporterer no utgiftene til skuleformål via KOSTRA. Det gir ei meir nøyaktig og detaljert rapportering enn tidlegare. KOSTRA-rapporteringa viser at utgiftene til skulen er høgare enn tidlegare rekneskapstal viste, og det skuldast hovudsakleg lønnsutviklinga for lærarane. Dette påverkar også private skular fordi dei i samsvar med gjeldande lov får eit tilskot per elev som svarer til gjennomsnittet av utgiftene i den offentlege skulen. Budsjettforslaget for 2003 inneber derfor ein auke i løyvingar til private skular.
(Kjelde: Pressemeldingar UFD)