Sosial rådgjevingsteneste

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Formålet med rådgjevingstenesta er å gjere det enklare for studentar å ta kontakt med ei hjelpeteneste, og å nå studentar med hjelpebehov.

Studentrådgjevaren er til for studentane – og studentane kan ta kontakt om alle typar problemområder som dei opplever som vanskelege.

Dette kan til dømes vere alt frå kjærligleikssorg til prestasjonsangst i forhold til eksamen, utfordringar knytt til det å vere foreldre kombinert med studentrolla, vanskar med å gli inn i det sosiale miljøet, samlivsproblem, økonomi m.m.


A-iren

Sosialrådgjevar Ann Iren Høgalmen.Foto:pab2000


Studentrådgjevaren har også som oppgåve å hjelpe studentar til å orientere seg i høgskulemiljøet og lokalmiljøet elles. Rådgjevaren skal fungere som eit bindeledd mellom studentane og det lokale hjelpeapparatet, og kan også hjelpe til med å etablere kontakt med andre hjelpeinstansar.

Studentar kan ta kontakt med studentrådgjevar på telefon
70 07 51 88.

Del på