Sørvistorget - til for studentane

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

I dag er det Per Johan Ramsli som har vakt i Sørvistorget. Til vanleg arbeider han som opptakskonsulent der han sakshandsamar søknadar og tilrettelegg studieopptaket.

Det er studiekonsulentar i Studieadministrasjonen som er på Sørvistorget, og dei har kunnskap og oversikt over Høgskulen til å raskt kunne rettleie og hjelpe.

 

IMG_8201stort

 Per Johan hjelp deg gjerne om du kontaktar Sørvistorget.

 

- I desse tider er det mange som tek kontakt å spør om opptak. Søknadsfristen er 15. april, og mange har spørsmål om søking, opptakskrav, fristar og kva studietilbod vi har. Eg forsøker å svare så godt eg kan, seier Per Johan.

I tillegg til spørsmål om opptak er det nokre som leverer eksamen, får karakterutskrifter, attestasjon, studentkort og liknande.

Er det noko du lurer på kan du anten stikke innom Sørvistorget på kvardagar mellom 09.00-15.00, ringe 700 75 018 eller sende e-post [email protected]

Del på