Samfunnsfaglege utdanningar i medvind

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert


- Ved samfunnsfagavdelinga ved HVO vil det i løpet av 2001 ha vore innom meir enn 1200 studentar. Studentane er fordelte på i alt 35 ulike studielaup som spenner frå 3 og 4-årige profesjonsutdanningar til frittståande 5-vektalseiningar, seier kontorsjef Kjell Einar Dagfinrud. Auken er merkbar for mastergradeiningane og vidareutdanningane ved avdelinga generelt, men særleg er det dei nettbaserte utdanningane som er i vinden, dvs. utdanningar som kan gjennomførast av den enkelte ved hjelp av Internett og/eller innsendingar. Over 400 personar vil ha delteke på slike tilbod i regi av avdelinga i år 2001.

I tillegg til dei 1200 ordinære studentane, har avdelinga ansvar for studietilbod som er eksternt finansierte. Døme på dette er studieeiningar finansierte av Rikstrygdeverket, Husbanken, Miljøverndepartementet og Justisdepartementet.

- Som ei følgje av auken i søking har avdelinga sett seg nøydd til å avgrense opptaket for enkelte einingar, fortel Dagfinrud. Dette gjeld dei nettbaserte studieeiningane i kommunal økonomi og forvaltningsrett, og mastergradseininga/vidareutdanningseininga i offentleg organisering og leiing.

Del på