Rektors tale ved semesteropninga 1998
SEMESTEROPNING 25.8.1998
Rektor
Gunnar Stave
OPNINGSTALE
Kjære gjestar, studentar og kollegaer, velkomne til opninga av eit nytt studieår! Den høgtidelege opninga av studieåret er ein gamal tradisjon ved dei høgre utdanningsinstitusjonane. Seremoniane var tidlegare utforma for å framheve det eksklusive, noko dei få var utvalde til, og det finst mange ritual som ga studentane ei kjensle av å vere innlemma i eit eksklusivt fellesskap, heva over den grå kvardagen. Ein av dei mest kjende studentane i norsk litteratur, Daniel Braut i Garborgs Bondestudentar, opplevde dette eksklusive så sterkt i sitt første møte med den akademiske opningsseremonien at han kjende seg som ubeden mann i gjestebod. Han var fullstendig framand overfor denne kulturen. Han måtte stive seg kraftig opp og seie til seg sjølv: du har rett til å vere med for no er også du student. Og då kunne han kjenne at «godt var det å ha berga seg frå åndløysa og råskapen der ute og inn i desse reine, rolege haller mellom ideens presteskap. Og så song dei «Hellig, hellig, hellig er studentens kall! … og Daniel song i sitt hjarte med», skriv Garborg. Skal tru om det er denne songen som kling i bringa på dei studentane som møter til studiestart i dag? Og for den saks skuld: skal tru om det er denne songen som tonar i hjarte til dei som inviterer studentane til studiestart? Mi personlege hypotese er at kallsmedvitet med åra har blitt skifta ut med eit yrkesmedvit, der interessa for framtidig jobb og lønsforhold er vel så motiverande som gleda over samværet med ideens presteskap og den reine lengselen etter ny erkjenning. Med denne oppfatninga i bakhovudet har eg derfor med stor interesse følgt debatten om studiekvalitet og studiemotivasjon som har gått i pressa i sommar, for der har ein uredd mann stått fram og etterlyst nettopp lengselen etter erkjenning som drivkraft for studentane, altså ideen om studentens heilage kall. Og mannen er ein erklært 68ar, og høyrer paradoksalt nok til den generasjonen som ville rive dei høgre utdanningsinstitusjonane ut av klørne til samfunnseliten og opne det for massane.
I år er det tretti år sidan 1968, året for studentopprøret og for 68-generasjonen, altså eit aldri så lite jubileum. Jubileet har blitt markert i tidsskrift og aviser, og ikkje minst generasjonen etter 1968 har hatt mykje moro i å punktere den såkalla 68-generasjonens mytar om seg sjølve som heroiske opprørarar på vegner av den sanne fridomen og mot alle undertrykkande krefter som var mogne for den historiske skraphaugen. Slik tenkjer dei evigpuberterande 50-åringane som ikkje maktar å sjå seg sjølve og sine mytar i det kjølige historiske overlyset, skriv til dømes den nye redaktøren i Syn og Segn. For dette overlyset viser at dei faktisk er dei siste bondestudentane, den mest forfordelte generasjonen i verdshistoria, og at opprøret eigentleg var eit romantisk og reaksjonært opprør mot moderniteten. Dette ser dei ikkje sjølve, men dette har dagens generasjon unge gjennomskoda, den fortapte generasjon X, som redaktøren på vel tretti år identifiserer seg med. Generasjonen med blåkald synth-rytmikk i ryggmergen og eit stemningsleie av bittersøte Smiths-tekstar.
Vel kva er poenget med å stoppe opp for dette i dag? Jau, fordi debatten om høgre utdanning har til ei viss grad gått mellom desse generasjonane i sommar, og det er desse generasjonane møtest her i dag. Den studentgenerasjonen som møter opp til semesterstart ved universitet og høgskular er generasjon X. Blant dei som står på kateteret er 68-generasjonen sterkt representert. Naturlegvis er dette sett på spissen, men det er eit faktum at dei som fekk si tenking prega av 68-mentaliteten, utgjer i dag ei stor gruppe av dei tilsette ved høgskular og universitet. Dette er eit markert demografisk trekk ved personalet ved dei høgre utdanningsinstitusjonane. Og framleis set altså denne generasjonen dagsordenen i den utdanningspolitiske debatten.
Den debatten som i sommar har gått om strykprosentar og studiekvalitet har dei siste vekene vore prega av dette utspelet til ein erklært 68ar, professor Bernt Hagtvet. Hans påstand er som kjent at det sørgjelege resultatet som vi har registrert ved mange eksamenar dei siste åra, har å gjere med studentane sitt manglande personlege engasjement og motivasjon. Lyst til kunnskap og erkjenning er mangelvare, og erstatta med pensumfiksering og snever yrkesorientering. Med andre ord, hovudmotivet for å studere i dag er å skaffe seg arbeid og ikkje som før (les i 68-generasjonen si tid), ein hunger etter kunnskap og innsikt. Med ei slik haldning får ikkje studentane utdanning, berre eksamenar. Vi er i ferd med å få ei sutrande og pleietrengande studentmasse. Kva er så svaret på dette? For all del ikkje meir pedagogikk, seier Hagtvedt. Pedagogisering er ofte eit pseudosvar. Nei, svaret er studentane sin motivasjon, arbeidsetikk og arbeidsdisiplin.
Debatten etter Hagtvets kronikk har følgt dei spor vi kunne vente, men han har vore interessant. Naturleg nok har studentane svart med å rette søkjelyset mot kvaliteten på studietilboda, både studieplanar og lærarane si undervisning, og dessutan studiefinansieringa. Dermed står det 1-1. Denne debatten kan med fordel bølgje inn i det nye studieåret både nasjonalt og i den einskilde utdanningsinstitusjon. Eg trur på ingen måte det er nokon fare med den utfordringa Hagtvet stiller til den einskilde student. Eg synest det er betre å utfordre studentane på motivasjon og arbeidsetikk enn å skremme med fjorårets eksamensresultat ut frå førestellinga om at ein blir klok av skade. Her heller eg til deLillos synspunkt når dei syng at ingen blir klok av skade som ikkje er klok frå før.
Men det grunnleggjande spørsmålet som ligg under Hagtvets artikkel er vel verdt å tenke over: kva funksjon har høgre utdanning i dag og kva funksjon skal den ha? Er høgre utdanning først og fremst eit idealistisk reise som krev forsaking og vilje til å slite, og der den store gevinsten er fryden over ny kunnskap og innsikt, altså den reine kampen for ny erkjenning som Daniel Braut syntest han opplevde då han blei opptatt som student. Eller er det i meir prosaisk forstand ei avansert form for yrkesutdanning, som vi tek for å skaffe oss eit levebrød. Dersom lærargruppa lever i den første tenkemåten og studentane i den siste, så er forventningane så ulike at det må det bli konflikt og frustrasjonar og eit dårleg læringsmiljø. Eller kan det tenkjast ei harmonisering av desse motiva?
Utviklinga i høgre utdanning blir ofte framstilt som eit forfall, og forfallet blir knytt til veksten i høgre utdanning. Med andre ord det at høgre utdanning har blitt tilgjengeleg for langt fleire blir framstilt som eit problem og ikkje eit gode fordi dagens masseutdannings-institusjonar ikkje lenger greier å halde dei akademiske ideala i hevd. Det er heilt klart rett at dei problema vi har diskutert i sommar har samanheng med veksten i høgre utdanning. Og som sagt trur eg det er rett som Hagtvet seier, at studentane i dag i hovudsak søkjer seg til høgre utdanning for å kvalifisere seg til eit yrke. Men om dette er noko særskilt ved dagens studentgenerasjon er eg meir i tvil om. Slik var det truleg for mange studentar også i Hagtvets eiga studietid. Likevel kan det ikkje vere tvil om at veksten i høgre utdanning i sterk grad vore motivert av yrkesutdanningsmotivet, men det er ikkje først og fremst studentane sitt ansvar, men politikarane som målmedvite har pålagt universitets- og høgskulesystemet ei større oppgave i forhold til yrkesutdanning for eit meir og meir kompetansekrevjande arbeidsliv. Det har altså vore ei uttalt politisk målsetting å få til ei sterkare kopling mellom høgre utdaning og arbeidslivet. Derfor har det dei siste åra vore lagt sterkare vekt på yrkesretta utdanning og oppdragsforsking i universitet og høgskulesektoren enn fagstudiar og grunnforsking.
På slutten av 1980-åra var det rundt 100 000 som fekk tilbod om studieplass. I dag er det omlag 170 000, og mykje av denne veksten har kome i yrkesretta studieretningar. Høgskular og universitet har utført ein nasjonal dugnad når det gjeld å ta imot desse store kulla. Parallelt med denne veksten har det blitt gjennomført ei omfattande og krevjande reform i høgare utdanning som har sett særleg høgskulane under sterkt press. Ei periode med vekst, omstilling og dugnadsånd kan vere ei fruktbar og kreativ periode, men dersom ho ikkje blir følgt opp med ei form for konsolidering for å trygge dei reformene som er gjennomført, så er det ein stor fare for at ho endar i utmatting. For dei som har bore børene i desse åra er det eit paradoks at parallelt med denne omfattande omstillingsprosessen i høgre utdanning, har rammene for høgskulesektoren blitt stramma inn. Og når studentkulla kuliminerer og tilstrøyminga minkar, då blir det enno meir innstramming fordi pengane følgjer studenten. Blir studenten vekk, skal også pengane flyttast. Slik skal også utdanningsinstitusjonane tilpasse seg marknaden.
Det er derfor gode grunnar til å stille spørsmålsteikn, slik Hagtvet gjer, ved ei utvikling som så sterkt reduserer dei heilage hallane til akademiske marknadstilpassa yrkesskular, for det er lite som tyder på at denne tendensen vil bli svekt i tida som kjem. Tvert om kan det bli slik at dei høgre utdanningsinstitusjonane vil kome til å få meir konkurranse enn dei set pris på frå andre aktørar når det gjeld kompetansebygging for arbeidslivet. Og vi ser alt i dag at dei høgre utdanningsinstitusjonane kjempar for å halde på si rolle, fordi både arbeidslivet og studentane vender seg mot andre aktørar som tilbyr kompetanse utanfor det tradisjonelle universitets- og høgskulesystemet.
I denne situasjonen rår eg likevel studentane til å ta den faderlege og refsande 68ar-professoren i aller beste meining, og lytte til hans råd til den einskilde. Men som rettleiar for institusjonsutvikling kan eg ikkje følgje han. I staden for å sjå bakover, og hente fram ein situasjon som i beste fall galdt ein elite, må vi sjå framover og diskutere den rolla dei høgre utdanningsinstitusjonane skal ha på dagens og morgondagens arena for kunnskapsformidling. Vi kan ikkje løyse problema med å idealisere ei bestemt studentrolle og bestemte motiv for utdanning, sjølv om desse motiva er aldri så gode. Vi veit dagens og morgondagens studentar vil møte ein arbeidsmarknad som vil stille krav om tilpassing, etterutdanning, sjølvstende og kreativitet i langt høgre grad enn tidlegare. Det er denne studenten som no søkjer utdanning. Og ho let seg neppe hysje på av far som hugsar korleis det var då han var gut, skriv Sissel Benneche Osvold i ein kommentar i Dagbladet. Det er utfordringa dei høgre utdanningsinstitusjonane står overfor. Denne utfordringa inneber å skape eit læringsmiljø der interessa for yrke og interessa for kunnskap og innsikt gjensidig forsterkar kvarandre. Då kan ikkje vi som institusjonar seie oss ferdige med høgskule- og universitetspedagogikken og kategorisk forkaste pedagogiseringa.
Det er altså slike studentar som møter til semesterstart ved Høgskulen i Volda, og hjarteleg velkomne skal de vere. Eg veit ikkje om den debatten vi har hatt i sommar har gått deg hus forbi, eller om du har registrert debatten og blitt skremt eller stimulert. Du må rekne med at du vil møte desse problemstillingane ut over i semesteret, og du vil bli mint om korleis det gjekk i vår ved nokre eksamenar. Då trur eg som sagt du skal hente fram professorens råd, for uansett kva vi måtte meine om hans karakteristikkar av norske studentar, så har han rett i att lyst til å lære er langt betre utgangspunkt for læring enn frykt for eksamen.
Debatten om studentane sine motiv har bygt på ei sterk forenkling og generalisering. Motiva for å søke utdanning er naturlegvis langt meir personlege og ulike. For mange har utgangspunktet vore ei sterk og målretta overtyding om kva ein ville. Kanskje har ein arbeidd i fleire år for å samle seg nok poeng for å kome inn på akkurat denne utdanninga. Andre har vore uvisse til det siste, og sit med ei kjensle av at det er tilfeldig at du sit her i dag. La gå med det. Kanskje var det tilfeldig. Men det året som no ligg framfor deg er ikkje tilfeldig. Det skal fyllast med aktivtet og liv, og det skulle helst vere eit meiningsfylt liv. Uansett kor tilfeldig valet måtte vere, vil det året du stå framfor vere uhyre viktig i di utdanningskarriere. Sjølv om du i ettertid finn ut at det er ei heilt anna retning du vil velje, så vil dette året kunne framstå som avgjerande viktig for di utvikling. I dette perspektivet står alle likt. Dette studieåret gir deg høve til å arbeide på ein måte som gjer at du frigjer deg frå pensumfiksering, og når året er omme kan seie at det har gitt deg både meir kunnskap og større klokskap. Det er det den formanande 68ar-professoren vil minne deg på. Opne augene og sjå at det å studere er ei spennande reise i ukjent landskap som ikkje først og fremst gjeld ein eksamen, men noko så viktig som di personlege utvikling.
Er det spesielle føresetnader for dette i Volda? Spørsmålet kan freiste meg til å bli sjølvhøgtideleg og pompøs på vegner av vår høgskule, så eg vil audmjukt uttrykkje det på denne måten: Eg trur det. Eg trur at vi har eit studietilbod i Volda som over heile spekteret utfordrar studentane både fagleg og personleg. Det vil ikkje vere mogleg å gjennomføre lærarutdanning, sosialutdanning, mediautdanning eller kyrkjeutdanning utan å møte spørsmål om yrkesetikk, om eg er skikka for dette yrket og kven eg er som person. Det vil ikkje vere mogleg å gi seg i kast med historie eller språk og litteratur utan å møte tema som konfronterer meg med mi sjølvoppfatning.
Det andre forholdet er det tette studentmiljøet som gjer at du heile tida vil møte studentar frå andre utdanningar, og at diskusjonen i studentmiljøet nødvendigvis blir tverrfagleg slik at studentane møter utfordringane frå ulike synsvinklar.
Og så ein ting som er spesielt i år. Det eg som sosiolog vil kalle dei sosiomaterielle forholda. Vi som arbeider ved Høgskulen i Volda har i år ein særleg grunn til å vere spente og forventningsfulle til det nye studieåret. Grunnen er at vi tek i bruk eit nytt og særprega høgskulebygg. Bygget representerer så mykje som ein tredel av den totale bygningsmassen, og gir oss heilt nye vilkår for viktige delar av verksemda, noko studentane ikkje minst vil dra nytte av. Vi har fått nye, moderne og større rom for kantinedrift, bibliotek, lesesalar, IT-rom og rom for studentaktivitetar.
I sosiologien blir den materien som er forma gjennom menneskeleg verksemd kalla sosiomaterie. Den blir berar av ei meining, ei hensikt som pregar våre liv. Ei bygging er eit stykke slik sosiomaterie.
Dette har for meg vore eit spennande perspektiv på det nybygget vi no tar i bruk. Berte Kanutte-huset har forandra heile det sosiomaterielle handlingsfeltet som vi skal leve og arbeide innanfor. Vi som har flytta inn her har naturlegvis kjent dette sterkast. Gamle strukturar som vi var vane med er borte, vi må nyorientere oss. Vi ser at det oppstår nye samhandlingsmønster, og vi ser at vi også må skape nye samhandlingsmønster og har ein viss valfridom til å gjere det. Samtidig ser vi at bygget er eit spesielt og annleis sosiomatreielt handlingsfelt som inviterer eller driv oss i bestemt retningar. Det spennande blir korleis vi svarar tilbake. Kva slags samhandling vil vi skape innanfor desse nye rammene. Kva nye sosiale strukturar vil vi få. Og kva konsekvensar vil bygget få for organisasjonen som heilskap.
For meg har det blitt slik at fellesareala har blitt eit hovudtrekk ved Berte Kanutte-huset, og dei skaper store forventningar om at noko vil skje. Kantina og biblioteket understrekar og framhevar det offentlege rommet der vi møtest og snakkar og opptrer som fellesskap. Det sosiomaterielle handlingsfeltet inviterer til fellesskap og sosialitet. Eg trur at dei som har vore i kantina har opplevd denne dimensjonen og har svart positivt på den, og har kjent at dette rommet skaper trivsel, og gir ei god kjensle av fellesskap. Biblioteket på si side kommuniserer med sin innbydande og opne tilgang til kunnskapskjeldene at dette er ein stad for å søkje kunnskap, både som einskildperson og som gruppe. Det inviterer til å kaste seg ut på dei 70 000 favners djup, og leite etter innsikt også utanfor dei det trygge pensumbassenget. Studiar er menneskeleg vekst som krev at du tar nokre sjansar. No står dette bygget med sine særtrekk til disposisjon for studentar og tilsette. Bruk det og utnytt dei muligheitene det byr på. Lukke til med eit utfordrande studieår fullt av opne dører til spennande erfaringar!
Rektor Gunnar Stave
Høgskulen i Volda