Rektor om styringsdialog
Det viser til ein samtalesituasjon der partane stiller med ei open og lyttande haldning, og er villige til å la seg overtyde av det gode argument. Når departementet inviterte til samtaler på vår arena under denne overskrifta, så skapte det nettopp slike forventningar og ei god spenning. I ettertid er det derfor gledeleg å kunne slå fast at møtet svarte til forventningane. Vi møtte ein samtalepartnar som viste at dei kjende vår situasjon godt, som lytta til våre argument, som trykte på våre ømme punkt, og som derfor var ein utfordrande motpart. Kva kom så ut av dialogen? Reportasjane i denne utgåva av HVO-nytt refererer frå dei tema som blei diskutert. Skal eg trekke ein meir langsiktig lærdom frå dialogen, så må det bli at profilering av utdanningar og institusjonar blir viktig i tida framover. Det inneber ikkje at vi skal snevre inn vårt aktivitetsfelt. Kombinasjonen av yrkesutdanningar og fagutdanningar er god, og bør vidareførast, men både yrkesutdanningane og fagutdanningane bør utvikle ein profil som er særmerkt for HVO, og som avspeglar den kombinasjonen av utdanningar vi har og dei knutepunkta vi har. Til dømes kan både læararutdanning og sosialutdanning ta farge av at vi har eit knutepunkt i mediefag. Likeeins kan fagstudia orientere sine tilbod inn mot lærarutdanninga, og tilboda i norsk, historie og kristendomskunnskap kan orientere seg mot knutepunktet i nynorsk skriftkultur. Slik kan knutepunkta fargelegge dei andre studia vi har på ein spennande og særmerkt måte, yrkesutdanningane kan gi særpreg til fagstudia, og fagstudia gi særpreg til yrkesutdanningane. Dette er lettare sagt enn gjort, og departementet finn ingen klar tendens i slik retning når dei les våre budsjettdokument. Det er ei tilbakemeldinga vi skal legge oss på hjartet. Så seier vi takk for denne samtalen og velkomen igjen til styringsdialog ved eit seinare høve.
Gunnar Stave
rektor