Pris for utdanningskvalitet

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Prisen for utdanningskvalitet skal stimulere fagmiljøa ved høgskulen til å arbeide systematisk med å vidareutvikle kvaliteten på utdanning og motivere dei tilsette til å bli meir opptekne av arbeidet med utdanningskvalitet. Namn og statuttar for denne prisen er endra frå læringsmiljøprisen til pris for utdanningskvalitet (endra våren 2008).

Unik kunnskapsutveksling
Studieutvalet peikar på eit spennande utdanningstiltak og framhevar Odd Ragnar Hunnes sitt prosjektarbeid, der han aktivt har involvert studentar, partnarar i Afrika og fagmiljø i ulike avdelingar.
– Kunnskapsutvekslinga mellom HVO og lærarutdanninga i Malawi er unik på dette nivået, og har betra utdanningsnivået begge stader, seier rektor Jørgen Amdam.

IMG_1853_525
Førstelektor Odd Ragnar Hunnes har fått tildelt pris for utdanningskvalitet 2008.

Odd Ragnar Hunnes er førstelektor ved Avdeling for samfunnsfag og historie, og er ansvarleg for faget Skuleretta samfunnsfag. Prosjektet ”Capacity Building of Democracy – Malawi and Norway, 2006–2007” har vore eit partnarsamarbeid med Cancellor College, University of Malawi. Prosjektet vart avslutta i 2007 og har resultert i boka Learning Democracy med bidragsytarar frå høgskulen og Cancellor College. Boka er allereie ført opp som pensum i RLE-faget, og bidreg på ulike fagområde som statsvitskap, historie, sosiologi, pedagogikk, lingvistikk og religionsvitskap.


Du kan lese meir om boka Learning Democracy her.

Del på