Omlegging av studia i kommunalfag

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Institutt for kommunalfag har fått godkjent ein revidert studieplan for kommunalfaga frå studieåret 1999/2000. Det inneber at det blir oppretta ei treårig utdanning i kommunal planlegging og administrasjon og ei eittårig vidareutdanning i kommunal organisering og leiing. Den eittårige vidareutdanninga er samansett av to halvårige utdanningar, ei i offentleg organisering og leiing og ei i kommunal leiing. Den treårige utdanninga vil gi grunnlag for å tildele graden høgskulekandidat i kommunal planlegging og administrasjon. Tanken er at denne graden skal vere ekvivalent med den internasjonale bachelor graden. Det fjerde året skal svare til ein graduate diploma, og skal samtidig kunne utgjere det første året i ei påbygging til mastergrad i samfunnsplanlegging. Departementet har hittil vore avventande når det gjeld å opne for masterstudium ved dei statlege høgskulane, men vi ser teikn på at dette vil kunne endre seg. Utvalet som skal utgreie norsk høgare utdanning (Mjøs-utvalet), har m.a. fått i oppdrag å sjå på gradsstrukturen. På bagrunn av det utgreiingsarbeidet som er sett i gang, har departementet slakka litt på taumane, og inviterer no høgskulane til å vere med på ei prøveordning med mastergradsutdanningar. Dette har skapt ei opning, tidlegare enn forventa, for våre planar om mastergrad, og kommunalfag har på kort tid utarbeidd ein søknad om å få starte forsøk med mastergradsutdanning i samfunnsplanlegging frå hausten 1999. Saka vil bli handsama på styremøtet 17. desember.

Del på