Nytt forskingsprosjekt
Prosjektet har tittelen, Utdanning som nasjonsbygging. Styring og danning gjennom ulike kunnskapsregimer. Prosjektleiar er Sveinung Vaage. Prosjektgruppa er fleirfagleg samansett og har medlemer frå Høgskolen i Lillehammer, Høgskulen i Volda, Møreforsking Volda, Institutt for samfunnsforsking i Oslo og NTNU i Trondheim. 10 forskjellige delprosjekt inngår i hovudprosjektet. Målsettinga med prosjektet er å studere den rolla utdanninga har spela i nasjonsbygginga i Noreg frå 1840 og fram til i dag. Når det gjeld delprosjekta deltar desse frå HVO/Møreforsking:
· Reidun Høydal: Utdanning som nasjonsbygging i Venstrestatens epoke: landsgymnasa sin framvekst og danningsprofil
· Sveinung Vaage: Reformpedagogikk som nasjonsbygging 1890-1940
· Oddbjørn Melle: Arbeidarpartistatens utdanningspolitikk: Distriktshøgskulen i den utdanningspolitiske nasjonsbygginga
Den økonomiske ramma for prosjektet er 2,7 millionar kroner, og det er opna for at det seinare kan knytast eit treårig doktogradsstipend til prosjektet slik at den samla ramma kan bli 3,7 millionar. Vi gratulerer!
-rektor