Nye omstillingsoppgåver

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

I dag er det skattefuten som fører rekneskapen for høgskulen. Eit nytt økonomireglement med sterk vektlegging på mål og resultatstyring, samt nye system for rekneskap, lønn, personal og studieadministrasjon, er under innføring i heile KUF-området. Konsekvensen for administrasjonen er nye rundar med nye datasystem, større ansvar og skjerpa krav om rapportering.

IFO
Departementet har oppretta ein eigen innføringsorganisasjon (IFO) som skal følgje opp omleggingsarbeidet i universitets- og høgskulesektoren. På kvar høgskule skal det opprettast lokale prosjektorganisasjonar som IFO skal samarbeide med. Ved HVO har ein tilsett prosjektleiar i heil stilling i eitt år for å arbeide med innføringa av det nye lønnssytemet. Det er også sett ned prosjektgruppe.

Økonomisystemet AGRESSO
I første omgang må høgskulen innstallere økonomisystemet AGRESSO. Oracle blir felles databasesystem for alle informasjonssystem (IS) i høgskulesektoren. Departementet sin nettverksorganisasjon UNINETT skal spele ei viktig rolle som støttespelar på systemsida. På dei nye maskinene er også arkivsystemet DocuLive som høgskulen er i ferd med å innføre i desse dagar.

Opptak- og studieadm.
Også studieadministrasjonen får merke reformiveren. Våren 1998 vil studieadministrasjonen ta i bruk nytt Windows-basert opptakssystem, og i 1999 reknar ein med at arbeidet med å ta i bruk eit heilt nytt studieadministrativt system (FS) for universitet og høgskular. Systemet er utvikla av USIT ved Universitetet i Oslo.

Lokal lønnskøyring
Departemenetet stoppar ikkje med dette. Meir eller mindre parallelt med innføring av nytt økonomisystem, må høgskulen setje i verk tiltak for å førebu lokal lønnskøyring for over 200 tilsette, noko som vil krevje store ressursar til omstilling, avanserte data-nettverk mellom lokale og nasjonale bankar, ny programvare osv.

Konsernkonto
Høgskulane vil etter kvart også få eigne bankkonti som dagleg skal avstemmast mot konsernkonto i Norges Bank. Jf. skisse.

Personalsystem
Nytt personalsystem er også på trappene, og vi reknar med innføring av dette i 1999-2000.

Del på