Nye 0,5 mill til Aasen-instituttet
I tildelingsbrevet er det derfor lagt inn nye 0,5 millionar kroner slik at vi no totalt har 1,1 millionar i øyremerkte midlar til instituttet. Desse er å rekne som øyremerkte også i seinare budsjett så lenge ikkje det motsette er sagt. Diverre er det likevel slik at desse summane går inn i vår føreslegne ramme, her ikkje som eige tillegg.
Låge løyvingar
Departementet er samd i at budsjettet for HVO relativt er sett blant dei svakaste i høgskulesektoren. Signala frå departementet er at omfordelinga mellom høgskulane er i gang og vil halde fram, men det må skje med små skritt. Høgskuledirektør Jan Driveklepp seier til HVO-nytt at han faktisk finn ein liten auke i nettoløyvingane til høgskulen i stortingsproposisjonen som ligg føre.
Nybygget kostar
Høgskuledirektør Driveklepp er også nøgd med at HVO vart oppmoda om å søke om ekstraløyvingar til ein del kostnader som kjem i samband med nybygget, og som ikkje er rekna inn i byggekostnadane. Dette gjeld m. a. nye digitale telefonapparat, EDB-utstyr, ein del dobbel husleige o.l.