Ny telefonsentral
I samband med nybygget får vi ny telefonsentral. Den vil bli installert på nybygget i 3.høgda på dataromet og vil dekke heile HVO. Dei to sentralane som vi har brukt til no, og som vart innkjøpt av DH og VLH i si tid, vert demontert. Alcatel er leverandør av den nye.
Nye «ISDN» telefonapparat
Alle tilsette vil få nye digitale telefonapparat på kontora sine. Desse apparata har mange nye funksjonar. Det er display som syner telefonnr til den som ringer inn, det er ein lampe som lyser for ubesvart oppringing og du kan ta inn fleire samtaler samstundes. Alle apparata har høgtalar. På undersida er det eit lite tastatur slik at du kan søke på etternamn i den interne telefondatabasen for HVO og sende tekstmeldingar via telefonen. I tillegg er det mange knappar som du kan programmere på førehand til faste oppgåver som vidarekopling, oppringing til bestemte personar mm. Telefonsvarar/talepost er ikkje med i denne omgang, men kan bli installert seinare.
Utdeling av apparat
Torsdag 4.desember etter infomøtet vil alle på ALU få utlevert nye apparat med litt orientering. Fredag 5.desember etter infomøtet på Strømhuset, vil resten av HVO og Møreforsking få utlevert sine apparat etter ei lita orientering. Pakk ut og sett inn den grå sjablonen som det står 4400 på. Montèr det ved å ta av Alcatel-dekselet. Bruk neglene og løft det av i framkant.
Oppkopling
Fredag 12.desember frå kl 12:00 ønskjer vi at alle pluggar inn dei nye telefonane sine i veggen. Apparata vil ta til å fungere etterkvart som dei vert klargjort i sentralen. Det vert arbeidd utover kvelden og i helga med dette. Måndag 15.desember vil berre dei nye apparata fungere på kontora. Dei gamle vil berre fungere for studenttelefonar o.l.
Kurs
Det er ei stor investering for HVO og Statsbygg dette. Vi ser det som viktig at alle får god opplæring og kan utnytte desse nye apparata. Folk frå Alcatel vil halde kursa slik dei har gjort for andre høgskular som har tilsvarande sentral. Det vert fire kurs.
Inndeling av kursdeltakarar.
1. Dei som har kontor på Kaarstadhuset, Nedretun, Elvetun, Hagetun og Brakketun kan kome
måndag 15.des kl 12:00-13:45 på Kaarstadhuset 204
2. Dei som har kontor på Øvretun I, II og III er sett opp på kurs måndag 15.des kl 14:00-15:45 på Kaarstadhuset 204
3. Dei som har kontor på Aasenhuset, A og C-pav pluss Lettbygget er velkomne tysdag 16.des kl 09:00-10:45 i Strømauditoriet.
4. Dei som har kontor på Strømhuset og Møreforsking-paviljongen har vi sett opp tysdag 16.des kl 12:00-13:45 i Strømauditoriet.
Møt opp
Dette er dei einaste kursa som vert haldne. Vi oppmodar folk til å kome slik at dei ikkje er avhengige av at andre må hjelpe dei. Det er ingen ting å frykte. Instruksjonshefte vert utlevert når du kjem og du kan berre lene deg tilbake i stolen og høyre godt etter.
Gamle apparat
Dei som vil, kan få kjøpe det gamla apparatet for kr 50,- Dersom du ikkje vil vi ha det, må du levere det inn. Ekspedisjonen begge plassar vil ta imot apparata eller betaling. Dette kan du gjere så snart alt er ok med den nye telefonen.
Tilbakemelding
Det vil alltid vere litt «styr» før alt fungerar som det skal. Dette er ei stor omkopling og mange impliserte partar. Vi vil gjerne ha tilbakemelding dersom de oppdagar ting som ikkje fungerer. Med godt samarbeid frå alle, reknar vi med at dette vil gå bra.
Lukke til.
Helsing
IT-kontoret
v/Svein Arnesen